Han heter ikke William er ein bransjekomedie av typen der alle spelar fiksjonaliserte utgåver av seg sjølv, liknande Thomas Giertsen i Helt Perfekt, Klovn eller Warwick Davis/Ricky Gervais-samarbeidet Life’s Too Short.

I front har me Thomas Hayes, som er ivrig etter å sleppe unna William-stempelet han har hatt på seg sidan suksessen med SKAM. Eller, det er i alle fall det tittelen og førehandsomtalen av serien prøver å selje oss på. Det me faktisk får er litt annleis.

ANMELDELSE: Atlanta S02 – Like stemningsfull, morsom og poengtert som i sin første sesong

Thomas Hayes og Linni Meister i Han heter ikke William. (Foto: TV3)

Thomas og «vennene» hans

Forteljinga knyt frå fyrste augeblink Thomas saman med Eivind Sander, ein eldre skodespelar i same talentbyrå. Deira felles manager, Harald Dal, har ideen om at Eivind, med sin rutine og erfaring, kan hjelpe Thomas med å ta det neste steget i karrieren.

Dette er ikkje ein idé som fenger med ein gong, men tonen snur fort når kjærasten til Thomas (Linni Meister, av PR-grunnar) gjer Eivind oppmerksam på Thomas sin enorme status i sosiale medium. Dei blir einige om eit kompromiss der Eivind skal vere fag-mentor for Thomas, og Thomas skal hjelpe Eivind med det sosiale. Her dukkar den verste veikskapen til serien opp: Thomas opplevast som ei birolle i sin eigen serie.

Sikkert fint med støydempande hovudklokker på slike morgenkvister. Stillbilde frå Han heter ikke William. (Foto: TV3)

Sander i spissen

Eivind Sander, som står bak både manus og regi i serien, tar opp veldig mykje plass – oftast ikkje på ein god måte. Han spelar ein stereotyp masete skodespelarskittsekk, med oppblåst ego, kort lunte, og (for) store ambisjonar. Han er den typen som lar kone og born sitte heime mens han er på nachspiel og ligg med ein tilfeldig statist.

For mykje av det som skal vere vittig i serien kan kokast ned til «Eivind seier eller gjer noko opprørande». At omtrent alle interaksjonar endar opp med å vere pinlege er berre slitsamt. Sander har god komedisk timing og ekspressiv mimikk, men vitsane han spelar ut held ikkje tilsvarande høgt nivå.

Strevet hans etter å slå gjennom som viserap-artist er spelt som ein einaste stor farse, men er samtidig den mest prominente, og gjennomførte raude tråden i forteljinga. Mykje meir enn Thomas sine steg mot internasjonal suksess, eller manageren Harald sine økonomiske problem.

Thomas sjølv er litt av ein push-over, som sjeldan viser sterke meiningar, og endå sjeldnare får gjennomslag for dei. Det er kanskje slik det er for ein ung skodespelar, at ein må avfinne seg med å gjere litt som ein får beskjed om. Men om poenget med serien, både på innsida og utsida av fiksjonen, er å la Thomas bryte med sitt gamle image, skulle han fått lov å gjere litt meir.

Det er klart at han er meint som «straight man», ein motpol til resten av besetninga, og spesielt Eivinds eksentrisitet, men det faktum gjer ikkje rollefiguren meir spennande. Thomas er konfliktsky og lågmælt, og det er ikkje før seint i episode tre han får tatt ei ordentleg avgjersle for seg sjølv. Diverre er det då i teneste av eit særdeles underkokt kjærleiksplot.

ANMELDELSE: Roeng S01 – Sjarmerende, men tam kommunehumor

Thomas Hayes blir henvist til ei birolle i sin eigen serie i Han heter ikke William. (Foto: TV3)

Reddast ikkje av humoren

Det er i utgangspunktet ingenting i vegen med å ha ein komiserie med usympatiske rollefigurar og svak karakterutvikling (jamfør It’s Always Sunny…), men då må humoren treffa. I Han heter ikke William går det for lenge mellom kvart drag på smilebanda. Etter fem episodar står ei kort replikkveksling om dramatikaren Jon Fosse i episode to som det mest minneverdige, og ein av dei få reine vitsane som ikkje vert akkompagnert av noko pinleg.

Den store variasjonen i realisme blant hovudrollene er òg med på å hindre seriens humoristiske ambisjonar. Eivind Sander er som nemnt ein ekstremt overspelt karakter, tydeleg overdrive for effekt. Thomas på si side er so tilbakehalden at det av og til ikkje verkar som han spelar frå manus ein gong. Og so har me Linni Meister…

Linni spelar Linni som den blonde bimboen fordomsfulle auge gjerne ventar av ein tidlegare glamourmodell. Samtidig er ho den livligaste figuren i serien, og ser ut til å ha det skikkeleg moro i rolla. Det verkar openbart at me skal le av ho, men det kjennast feil nettopp på grunn av kor ekte ho står fram. Er dette eit forsøk på ein satirisk meta-kommentar? Kva enn dei prøvar på verkar uforståeleg for meg.

Det verkar som ting skal ta fart for Thomas i dei siste tre episodane, med blant anna ein viktig audition i Stockholm på kalenderen. Men etter fem episodar, der det meste av den svake utviklinga har skjedd off-screen, er det vanskeleg å forvente spesielt spennande – eller morosame – vendingar. Det einaste som minner om å ha potensial er innlemminga av Peter Stormare i ei avgjerande rolle.

Ein sjåar med meir førehandsinteresse i liva og karrierane til Eivind, Thomas, eller Linni vil garantert få noko ekstra ut av å fylgje denne serien. Personleg kjem eg ikkje til å gjere ein innsats for å sjå ferdig sesongen.

Han heter ikke William har premiere på TV3 torsdag 5. april klokka 22.00. Episodane blir òg tilgjengelege på strøymetenesta Viafree.

Om SERIEN

Han heter ikke William
  • Han heter ikke William
  • Slippdato: 05.04.2018
  • Sesong: Sesong 1
  • Utgiver: TV3, Viafree
  • Serieskaper: Elise Christine Eide
  • Sjanger: Komedie, TV-Serie