Sherlock Gnomes er eit labert forsøk på å surfe på suksessbylgja til den ikoniske etterforskaren, fleire år etter at den nådde toppen. Dette er gjort ved å klemme saman ein halvgod intellektuell tvikamp mellom Holmes, sorry Gnomes, og hans erkefiende Moriarty, og ein syltynn kjærastekonflikt mellom hovudfigurane frå førre film, Gnomeo og Julie.

Filmen når kanskje eit minstekrav av fargerikdom, replikktettleik, og songar meint å treffe generasjonen av besteforeldre som kan tenkast å måtte sjå den saman med 6-åringane sine, men om du ikkje har biologiske grunnar for å vurdere denne filmen er det lite vits i å tenke to gonger.

ANMELDELSE: Første mann – Morosam, men overraskande tradisjonell fotballkomedie frå Nick Park.

Gnomane har flytta inn i ein ny og mindre hage i London. (Foto: SF Studios)

Ei billigutgåve av Toy Story

Ideen er nok å utvide Gnomeo og Julie-universet slik at det kan inkludere alle slags litterære figurar som ikkje er beskytta av åndsverklova. Etter ein overraskande valdeleg prologsekvens som set opp forholda mellom Sherlock, Moriarty, og Dr. Watson, får me vita at hageeigarane frå førre film har tatt med alle gnomane sine og flytta til London.

Der i byen er det ikkje berre hagegnomar som kjem til live når menneska ikkje ser på, men òg dokker, maskotar, og gargoylar. Filmverda byrjar å minne om den i Toy Story, men med ein glorande mangel på kjekke figurar.

Sherlock Gnomes er ein særdeles ulikande variant av originalen. Han er frekk mot Watson og slost heller med nevane mot Moriarty, enn med hovudet. Når hagegnomar byrjar å forsvinne over heile byen er det elementært at erkefienden igjen står bak.

På vegen mot å løyse gåtene Moriarty har laga slår Sherlock og Watson seg saman med Gnomeo og Julie. Under etterforskinga viser filmen oppfinsame glimt, då den illustrerer Sherlock sin tankeprosess med artige dykk inn i eit rotete, svartkvitt «mind palace». Gåtene han løyser er diverre ikkje laga for at det skal gå an å fylgje logikken særleg, men i denne delen av filmen byggast i alle fall momentet på ein måte som lar ein gløyme kor uinteressante karakterane er.

ANMELDELSE: Operasjon Mørkemann – Heilstøypt krim for born.

Jakta på Moriarty er tidvis spennande nok. (Foto: SF Studios)

Meir slitsam enn noko anna

Eg ser for meg at noko av moroa har forsvunne i omsetjinga frå engelsk til norsk. Eit av dei større seljepunkta for animerte filmar av denne typen er jo å høyre kjende Hollywood-stemmer levere artige replikkar, gjerne med eit par vitsar som går under radaren til dei minste. I denne norske språkdrakta er slik moro fråverande. Dette er nok delvis grunna mi vankunne om norske stemmeskodespelarar, men òg fordi dialogane ikkje har noko god flyt. Når fleire enn to figurar er på skjermen samtidig blir det fort berre masete.

Filmen leverer dei overflatiske lærepengane sine fullstendig utan finesse. Den er sjeldan veldig skummel, men har overraskande mykje mord som mogleg utfall for handlinga. Utvalet på kino er ganske snevert når ein skal ha med seg dei yngste, og denne filmen er kanskje ikkje det verste ein kan sende 6-åringen sin på, men det sit for langt inne å skulle anbefale det.

Denne meldinga av Sherlock Gnomes er basert på filmen med norske stemmer.

Om FILMEN

Sherlock Gnomes
  • Sherlock Gnomes
  • Slippdato: 13.04.2018
  • Regi: John Stevenson
  • Utgiver: SF Norge
  • Aldersgrense: 6 år
  • Sjanger: Animert, Barn