For ein sjåar vand med måten konflikt vert bygd opp på i klassisk filmforteljing, kan Sommer 1993 ved fyrste augekast verke litt tam. Regissør Carla Simón sin debutfilm om sommaren ho mista mor si byggar nemleg tilsynelatande mot fleire større tvistar som aldri kjem. Det verste går heller føre seg i undermedvitet til hennar seks år gamle sjølv, medan ho prosesserer eit traume ho då ikkje forstod omfanget av.

Filmen er ein relativt avslappa affære, og den hoppar frå hending til hending med sommarleg slentring. Med kamera festa i synshøgda til Simón sin stand-in, Frida, får me oppleva korleis dødsfallet – og årsaka til det – påverkar alle rundt ho.

Ein balansegong mellom det såre familiedramaet og dei barnlege feriegledene blir gått med eksemplarisk presisjon, noko som gjev gode mengder truverd til forteljinga.

ANMELDELSE: Skyggen fra treet – En underfundig og bekmørk komedie om familiekonflikter.

Laia Artigas og Paula Robles stel showet som høvesvis 6 og 4 år gamle Frida og Anna. (Foto: Arthaus)

For Frida (Laia Artigas) å verte flytta til onkel Esteve (David Verdauger) og tante Marga (Bruna Cusí) sin gard er ei stor endring for alle partar. Frida er ikkje vand med jordbruk og slakt, samtidig som eit ekstra barn i familien er ei påkjenning for dei føresette.

Filmen gjev oss sjansen til å forstå og irritere oss over både Frida og dei vaksne, utan at nokon vert gjort til antagonistar. Dei familiære banda veks med rykk og napp, alltid litt meir i positiv retning enn motsett.

Det hjelper stort at Frida har søskenbarnet Anna (Paula Robles) å vere med. Dei to leikar til tider so godt saman at dei knapt verker å fylgje noko manus. Sjølv i ei leikestund tidleg i filmen der Frida framfører eit minne av mor si, kan det fort sjå ut som instinktiv improvisasjon heller enn nøye utført spel.

Alt tydar på at Simón har eit særs godt handlag med skodespelarane sine.

ANMELDELSE: Tully – Sterk prestasjon av Charlize Theron.

Verdauger og Cusí gjev godt arbeid i birollene som dei nye foreldra til Frida. (Foto: Arthaus)

Som nemnt er ikkje Sommer 1993 spesielt høgdramatisk. Ei heller er den i nærleiken av å vere ei tåreperse. Me får hint om kva mora til Frida døydde av, i brotstykke av samtalar ettersom ho overhøyrer dei, og mest av alt gjennom reaksjonane til eit uhell som skjer på leikeplassen. Samtidig er det tillaup til gnissingar mellom besteforeldra til Frida og resten av familien.

Desse høva blir derimot ikkje dvela særleg over. Me er ikkje meint å avdekke ein skjult løyndom med dramatiske konsekvensar. Fokuset er på dei utvendige effektane av Frida sin indre turbulens, og korleis dei spelar inn på integreringa i hennar nye familie.

Frida utagerer, Anna, Marga og Esteve reagerer, men Simón unngår la filmen å strekke seg etter ein enkel resolusjon. Mot slutten av sommaren kan det sjå ut som ein slags jamnvekt er nådd, men me får ei siste påminning om at trauma heng ved. Og det forklarar jo korleis Simón kan presentere eit sopass levande bilete av sommaren ho var seks – 25 år seinare.

Om FILMEN

Sommer 1993
  • Sommer 1993
  • Slippdato: 29.06.2018
  • Regi: Carla Simón
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Estiu 1993
  • Aldersgrense: Tillatt for alle
  • Sjanger: Drama