Hopp til innhold
Anmeldelse

Lonely Planet

Preglaus postkortromantikk.

GENERISK FERIEROMANSE: «Lonely Planet» er ein enkel kjærleiksfilm spelt ut i stive postkortlandskap.

GENERISK FERIEROMANSE: «Lonely Planet» er ein enkel kjærleiksfilm spelt ut i stive postkortlandskap.

Foto: Hilary Bronwyn Gayle / Netflix
Terningkast 2 Film

«Lonely Planet»

Regi: Susannah Grant

Drama, Romantikk

Aldersgrense: 13 år

11.10.2024

Netflix

PÅ NETFLIX: «Lonely Planet» er ein enkel kjærleiksfilm spelt ut i stive postkortlandskap med miljøskildringar som smakar av generiske turistkatalogar.

Anmeldelse Elskling – Rett og slett en mirakuløs prestasjon

Helga Guren og Oddgeir Thune spiller paret som kanskje skal gå fra hverandre i «Elskling».

Den bildeskjønne marokkanske landsbygda blir her ei oppstilt sydenkulisse for ein preglaus «feelgood»-romanse – der det handlar om å gi plass til seg sjølv, og moglegvis finne kjærleiken på ny.

FERIEFLØRT: Da Katherine (Laura Dern) og Owen (Liam Hemsworth) hamnar på ei utflukt saman, så begynner hjarta å banke.

FERIEFLØRT: Da Katherine (Laura Dern) og Owen (Liam Hemsworth) hamnar på ei utflukt saman, så begynner hjarta å banke.

Foto: Anne Marie Fox / Netflix

Filmen sløser med potensialet i dei gode skodespelarane Laura Dern og Liam Hemsworth, som gestaltar syltynne klisjéfigurar. Og fleire av vendingane fell emosjonelt saman i si bråhastige og pragmatiske kjensle av «no må plottet vidare».

Lite nytt under feriesola

Den suksessrike forfattaren Katherine Loewe (Laura Dern) er nyseparert, og har reist til eit eksklusivt retreatsenter i Marokko for å delta på eit skriveseminar.

Anmeldelse Elskling – Rett og slett en mirakuløs prestasjon

Helga Guren og Oddgeir Thune spiller paret som kanskje skal gå fra hverandre i «Elskling».

Her er også den kjekke finansmannen Owen Brophy (Liam Hemsworth). Owen er eigentleg på seminaret med sin forfattarkjærast Lily Kemp (Diana Silvers), men Lily er mest opptatt av å innynde seg hos ein skribentkollega. Og da Owen og Katherine tilfeldigvis hamnar på ei utflukt saman, så begynner hjarta å banke.

FORSLITNE MOTIV: Liam Hemsworth («The Hunger Games») blir noko eindimensjonal som forsmådd kjærast og godhjarta eigedomsutviklar i «Lonely Planet».

FORSLITNE MOTIV: Liam Hemsworth («The Hunger Games») blir noko eindimensjonal som forsmådd kjærast og godhjarta eigedomsutviklar i «Lonely Planet».

Foto: Hilary Bronwyn Gayle / Netflix

Mellom banal livsvisdom, kunstig krangling og opplagde turistkomplikasjonar, blir vi med på ei føreseieleg reise fattig på ekte kjensler og romantisk nerve. Og regissør Susannah Grant finn lite nytt under feriesola i det ho komponerer sine scener med inspirasjon frå dei sterile overflatene og oppstilte situasjonane ein ofte finn i polerte reklamefilmar.

Ei enkel turistfelle frå Netflix-katalogen

Som bruksfilm har «Lonely Planet» nok stemningsmarkørar og solfylte utsikter til å levere ein lettbeint dose eskapisme.

FERIEFLØRT: Da Katherine (Laura Dern) og Owen (Liam Hemsworth) hamnar på ei utflukt saman, så begynner hjarta å banke.

LETTBEINT ESKAPISME: «Lonely Planet» er eit skamlaust publikumsfrieri, og Laura Dern og Liam Hemsworth får levert litt visuell lidenskap på Netflix-skjermen.

Foto: Anne Marie Fox / Netflix

Laura Dern («Blue Velvet», «Big Little Lies») meistrar si rolle som nysingel forfattar på reise med ei naturleg og sjølvsikker utstråling. Ho står også for eit par humørfylte høgdepunkt i sine verbale skråblikk på omgivnadane og på Owen. Og sjølv om Liam Hemsworth («The Hunger Games») blir noko eindimensjonal som forsmådd kjærast og godhjarta eigedomsutviklar, så får dei to levert litt visuell lidenskap på Netflix-skjermen.

Anmeldelse WOLFS – Vet å utnytte stjernekapasiteten

Bilde fra filmen Wolfs. Brad Pitt og George Clooney spiller motvillige fiksere i «Wolfs».

Men manuset er dessverre ikkje særleg meir originalt enn formelen for reiseguidebøkene «Lonely Planet» deler namn med. Som heilaftans ferieromantikk er dette ei lettgløymt og enkel turistfelle frå Netflix-katalogen, stappa med sukra Hollywood-tilfelle, hole fasadar og forslitne motiv.

«Lonely Planet» er ute på Netflix.

«Lonely Planet»
Grafikk: Netflix