2024: Årets beste TV-seriar

Her er våre 10 favorittar!

Desember er listetid! Det betyr at vi i Filmpolitiet har spissa blyanten, gått fleire rundar med eigen hukommelse og diskutert oss fram til dei ti seriane vi likte aller best i 2024.

Det har vore eit innhaldsrikt serieår. «Baby Reindeer» skapte overskrifter med ei sterk historie og band til verkelege personar. Det historiske dramaet «Shōgun» sette Emmy-rekord med sin første sesong. «Nobody Wants This» leverte årets TV-kyss. Og Thorbjørn Harr og Kathrine Thorborg Johansen gjenoppliva 80-talets store politiske duell i del to av «Makta».

Superskurkane har hatt eit særdeles godt år på skjermen. Fleire av dei påkosta seriane har handla om deira historier, som Gotham-skurken Pingvinen i «The Penguin», Marvel-skurken Agatha Harkness i «Agatha All Along» og sjølvaste Sauron i «Ringenes herre: Maktens ringer».

TOPP 10: Årets beste filmer

Her heime har det vore eit variert TV-år. På Netflix har eit internasjonalt publikum fått bli med på sommarfest i «Midtsommernatt», trøndersk laksekamp i «Milliardærøya» og juleferiekatastrofe i «La Palma». Vi fekk den første norske Max-serien «MILF of Norway» i vår. Og i haust har «Dates in Real Life» og «Kids in Crime» begge levert særeigne og svært sjåverdige serieunivers på skjermen.

Den største skuffelsen var det satireserien «The Regime» som stod for. Det blei terningkast 1.

Vi har som vanleg ikkje rokke å sjå alt som har kome ut, og på denne lista er det vår personlege smak og begeistring som får utfolde seg.

Seriane som nesten kom med på lista vår er (i alfabetisk rekkefølge): «Baby Reindeer» (Netflix), «Dates in Real Life» (NRK TV), «The Diplomat» S2 (Netflix), «Fantasmas» (Max), «House of the Dragon» S2 (Max), «My Lady Jane» (Prime), «Mr & Mrs Smith» (Prime Video), «Pachinko» S2 (Apple TV+), «Ripley» (Netflix) og «Supacell» (Netflix).

Og her er dei ti seriane som står igjen som våre favorittar frå 2024.


«Nobody Wants This»

HJARTEBANK: Kristen Stewart og Adam Brody hadde nydeleg kjemi i rollene som Joanne og Noah i «Nobody Wants This». FOTO: Stefania Rosini / Netflix. 

Da «Nobody Wants This» dukka opp på Netflix i haust, var det som om ein heil generasjon millennial-kvinner verda over blei gjort heile. 

«I can handle you», sa den gamle «The O.C»-helten Adam Brody til «Veronica Mars»-stjerna Kristen Bell, og kvinnene som opp gjennom åra har fått høyrd at vi er for mykje hulkegret i sofaen.

Ein skal ikkje kimse av at det som i utgangspunktet er ein lettbeint romantisk komedie klarer å få oss til å kjenne så sterkt. Og når serien i tillegg klarer å underhalde med lunt humør, treffande humor, ei søt kjærleikshistorie – og ikkje minst årets heitaste TV-kyss – ja, da får den ein plass på denne topplista!

– Marte

Kan strøymast på: Netflix


«Kids in Crime» S2

FANTASTISKE SKODESPELARE: Lea Myren (Monica) og Jakob Oftebro (Freddy) spelar glimrande i «Kids in Crime». Det gjer også dei to andre hovudrollene
Kristian Repshus (Tommy) og Martin Øvrevik (Pål). FOTO: Martin Øvrevik / TV 2.

For nokre visuelle festkaramellar serieskapar Kenneth Karlstad og fotograf Pål Rønnevik kokar saman i andre sesong av «Kids in Crime». For nokre scenar.

Med Sarpsborg anno 2001 som leikegrind og ein fingerspisskjensle for epokens kulturelle svingingar og spesifikke uttrykk, er dette ei inspirert skildring av ektefølt norsk ungdomstid.

Skjermen tyt over av intense, skitne, vittige og treffsikre motiv frå det gruslagde skråplanet i utkant-Noreg. Krydra med ein tjukk saus av popkulturelle referansar.

I sesong to treff serien hardare, i det gangsterkomedien blir blanda med såre personportrett, provoserande tilbakeblikk og ein rå realisme. I likskap med seriefavoritten «Reservation Dogs» blir «Kids in Crime» også ei punka skildring av fleire generasjonar i sin andre sesong.

Her er augeblikka vel så viktige som spenningskurva i den overordna dopforteljinga. Det lar både komedie og opprivande opplevingar gå av hengslene med herleg eigenart og kunstnarisk kraft.

– Sigurd

Kan strøymast på: TV 2 Play


«Ringenes herre: Maktens ringer» S2

SAURONS MANGE LAG: Charlie Vickers dukkar opp som Saurons form Annatar i «Herren til ringa: Maktens ringer» S2. FOTO: Ben Rothstein / Prime Video / Amazon MGM Studios.

Kva? Ein terningkast 4-serie på topplista over dei beste seriane i år? Skandale!

Joa, men dette er som nemnt ei liste over våre personlege favorittar, og «Ringenes herre: Maktens ringer» har sørgt for mengder av nerdeunderhaldning i år.

Først ved å skape storstilt eventyrkjensle i dei 8 episodane på Amazon Prime Video, som igjen har gitt oss grunnlaget for timevis med nerdediskusjonar i Filmpolitiets Ringenes herre-spesial!

ANMELDELSE: Ringenes Herre: Slaget om Rohan – Føles godt å være tilbake

Sesong 2 av den påkosta serien fungerte på eit vis som Saurons tilbliingshistorie. Skodespelar Charlie Vickers fekk vist andre sider av Sauron-tolkinga si denne sesongen, og eg storkoste meg med dei bedragerske spela hans.

Kjensla av å vere på ei eventyrleg reise i Tolkiens Midgard var absolutt til stades, og akkompagnert av Bear McCrearys storslåtte musikk blei sesong 2 både gripande og gåsehudframkallande – sjølv om det sjølvsagt også var masse å plukke på, både som seriekritikar og Tolkien-fan.

– Marte

Kan strøymast på: Prime Video


«Slow Horses» S4

SPIONSLASK: Gary Oldman blei Emmy-nominert for rolla som Jackson Lamb. FOTO: Apple TV+

«Slow Horses» har gjennom tre knallgode sesongar rokke å bli ein humørfylt spionseriefavoritt med ein utsøkt uflidd Gary Oldman i front. Det finst ikkje betre spionslask på TV.

ANMELDELSE: Slow Horses S4 – Det finnes ikke bedre spionslask

I den fjerde sesongen fortset denne herlege blandinga av høgspent etterretning og vittige gullkorn å skine på skjermen. Denne gongen startar det med ein eksplosjon i London, og vi hamnar raskt på sporet av gamle løyndomar og ein mogleg MI5-skandale.

På seks stramme episodar er dette nok ein herleg sesong for alle som likar lastefulle antiheltar, slitne pubar og smarte spiontriks. Ein fortreffeleg kombinasjonen av arbeidsplasskomedie og agentspenning.

– Sigurd

Kan strøymast på: Apple TV+


«Fallout»

HARDT MØTE MED VERKELEGHEITA: Lucy (Ella Purnell) må vurdere om den gylne regelen faktisk går an å leve etter, når ho må opp i den radioaktive øydemarka i «Fallout». FOTO: Amazon Prime Video.

2024 har vore eit vellykka år for spelunivers i TV-ruta, og det er liten tvil om at «Fallout» er det mest underhaldande av dei!

I serien, basert på spelet med same namn, er vi i ei retrofuturistisk 50-talsverd der den amerikanske draumen har blitt forvridd til det ubehagelege.

ANMELDELSE: Fallout – vil begeistre spillfansen

Med namn som blant anna Walton Goggins («Justified»), Kyle MacLachlan («Twin Peaks») og Ella Purnell («Yellowjackets») på rollelista, var det mange artige folk å bli kjente med i «Fallout».

Og det var ei sann glede å kaste seg ut i den dystopiske øydemarka, full av radioaktive mutantmonster, tvilsame omstreifarar, hardbarka dusørjegerar, og masse – masse – dop.

Amazon sleppte heile serien i éin smekk på Prime Video, men vi følgde den episoden for episode i Filmpolitiets Fallout-spesial. Det var ei reise som var akkurat så skrudd og sprø som dette universet skal vere!

– Marte

Kan strøymast på: Prime Video


«Agatha All Along»

EIN HEKSE-FAVORITT: Agatha (Kathryn Hahn) er ei sjølvsentrert og herleg frekk heks, som vil få deg til å kaste kleda og danse i skogen under neste fullmåne. FOTO: Chuck Zlotnick/ 2024 MARVEL/Disney.

Nei da, «Agatha All Along» var ikkje ein perfekt TV-serie, men når vi skal samanfatte serieåret er det umogleg å ikkje inkludere dette fyrverkeriet av ei heks!

Den innpåslitne nabokona Agnes, som viste seg å vere ei vond heks, var noko av det morosamaste med Marvel-serien «WandaVision» frå 2021. Og da Agatha fekk sin eigen serie var vi veldig spente på retninga henne skulle ta.

Med «Agatha All Along» blei vi serverte eit skikkeleg hekseeventyr som aldri unnskylda seg for å vere nettopp det. Og sjølv om banda til resten av Marvel-universet blei sterkare utover i sesongen, var det aldri tvil om at dette var ein hekseserie, ikkje ein superheltserie.

Det var ein fryd å sjå kor gøy skodespelar Kathryn Hahn hadde det med rolla. Og kombinasjonen av humør og sylskarpe slengmerknader gjorde Agatha til vanvitig underhaldande selskap i TV-ruta.

Underteikna kåra henne til og med som den beste heksa på film og TV gjennom tidene. Det er aldri kjedeleg når Agatha er i rommet!

– Marte

Kan strøymast på: Disney+


«The Penguin»

SKURKEKAMP: Mafia-arvingen Sofia Falcone (Cristin Milioti) og hennar tidligere sjåfør Oswald «Oz» Cobblepot (Colin Farell) har begge ambisjonar om å ta over makta i Gothams underverd. FOTO: Max

«The Penguin» er ein gangstergodbit frå Gotham.

Handlinga er direkte kopla på etterspelet frå «The Batman»-filmen (2022), der vi først møtte Colin Farrell som Pingvinen. Eit rysta Gotham har fått eit maktvakuum som opnar for ny rivalisering, og litt klassekamp, i storbyens underverd.

ANMELDELSE: The Penguin – Gangstergodbit!

Serieskapar Lauren LeFranc har laga ei underhaldande blanding av psykologisk gangsterdrama, dyster storbykrim og kjende teikneseriefjes.

Miniserien byr på mykje veldig god TV. Det er rikeleg med hyllester til gamle gangsterfilmar og moderne mafiameisterverk, og skodespelarfavorittane Colin Farrell og Cristin Milioti leverer eit dryss av herlege høgdepunkt med sine komplekse og karikerte skurkeroller.

– Sigurd

Kan strøymast på: Max


«Fargo» S5

STERK HOVUDROLLE: Kvikke Juno Temple («Ted Lasso») får verkeleg spilt ut både vittig action, kjappe replikkar og blodig alvor i hovudrolla som den overraskande nevekyndige Dot. FOTO: Michelle Faye/FX/HBO Max

Sesongen starta riktig nok på tampen av 2023, men det er den krutsterke avslutninga frå januar 2024 som gjer «Fargo» til ein av årets aller beste TV- opplevingar.

Den sorthumoristiske antologiserien vender tilbake til røtene med sin femte sesong. Denne gongen med Juno Temple («Ted Lasso») og Jon Hamm («Mad Men») i hovudrollene.

ANMELDELSE: Fargo S5 – En fest av en mørk krimkomedie

Ei mislykka kidnapping, med eit tilhøyrande dødsfall, står sentralt i ei morosam og grufull historie som trekker både på Coen-brørne sin originale «Fargo»-film frå 1996 og på «Alene Hjemme»-filmens spenstige gladvald.

Serieskapar Noah Hawley serverer nok eit stykke lunt og livsfarleg americana frå iskalde Midtvesten. Og sjølv om «Fargo» held det relativt lettbeint og underhaldande, rettast det presist skyts mot både religiøst vranglese kvinnesyn og opprivande familievald – det gir serien ein alvorleg klangbotn.

– Sigurd

Kan strøymast på: TV 2 Play


«Arcane: League of Legends» S2

FERDIG, MEN IKKJE FERDIG: «Arcane» sin spinoff-serie er allereie i produksjon, og kjem mest sannsynleg til å handle om Mel Medarda som oppdaga eigne krefter i sesong 2. FOTO: Netflix.

«Arcane: League of Legends», basert på spelet «League of Legends», tok oss med storm for første gong i 2021 og har fortsett å imponere.

Animasjonsserien har begeistra med den kunstnariske kreativiteten sin, gripe tak med den sterke historia si om undertrykking, einsemd, traume og tap, og underheld med humør, hjartevarme og smittande eventyrkjensle.

ANMELDELSE: Arcane S2 – Du vil ikke gå glipp av denne serien!

Det har vore ein fryd å utforske seriens eventyrlege steampunk-univers, der vitskap og magi går hand i hand. Og rollefigurane i serien har tatt permanent bustad djupt i hjartet.

Etter to sesongar har historia om Jinx og Vi nå fått finalen sin, og vi kan konstatere at «Arcane» er eit meisterverk av animasjonskunst. Serien er både vakker og stygg i brutaliteten sin, der det eine bildet etter det andre er noko du har lyst til å henge opp på veggen.

Med animasjonsstudioet Fortiche Productions med på laget, skal Riot Games levere fleire seriar frå speluniverset til Netflix. Arbeidet er allereie godt i gang, så sjølv om det er slutt for «Arcane» nå, gleder vi oss over at det kjem meir frå denne dyktige gjengen!

– Marte

Kan strøymast på: Netflix


«Shōgun»

KLØKTIG KRIGAR OG POLITIKAR: Lord Yoshii Toranaga (Hiroyuki Sanada) kjempar om makta med brutal styrke, politisk finesse og avansert manipulasjon. FOTO: Disney+

«Shōgun» har vore årets store serieattraksjon. James Clavells roman med same namn frå 1975 har blitt til eit storslått, poetisk og påkosta historisk fiksjonsdrama som skin på skjermen.

Med visuell bravur og sterke personportrett blandar serien action, politiske intrigar, romantikk og europeisk innflytelse. Dette utspelar seg i Japan under den urolege opptakta til Edo-perioden (1603 til 1868).

ANMELDELSE: Shōgun – Storpolitikk og nærportrett

Det er lett å trekke positive parallellar frå «Shōgun» til dei innleiande sesongane av «Game of Thrones», i måten brutal vald, renkespel og eit herleg rollegalleri tar oss med gjennom ein ti timar lang kamp om trona. Rett nok utan drakar, men med menneskekoking, samuraikamp og eit underhaldande driv av episk eventyr.

«Shōgun» sette rekord med heile 18 Emmy-prisar tidlegare i haust, og kan no og smykke seg med tittelen «årets beste serie» frå oss i Filmpolitiet.

– Sigurd

Kan strøymast på: Disney+