nrk.no
Jonas Alaska - «Girl»

For tilbakehalden for sitt eige beste

Jonas Alaskas overgang til den reinskorne popmusikken slit med å engasjere

Sist vi høyrde frå Jonas Alaska (33), hadde han brukt tre år på å sette saman sitt femte album, «Roof Came Down» (2020). Eit nært og ofte lågmælt album, med eit akustisk uttrykk, der han gjekk personleg til verks i skildringa av både personleg uro og farskap. Plata hausta riktig så positiv omtale, og han vart hylla som ein svært habil låtskrivar.

Allereie eit drygt år seinare er han attende med endå eit album, og ikkje minst ei ny artistisk retning, men denne gongen sit det langt inne å la seg begeistre like mykje.

Ei ny retning

Det første som slår ein i møte med «Girl», er at dette er veldig langt unna den Jonas Alaska ein har blitt kjend med dei siste ti-elleve åra. Den tidvis eksentriske, tidvis forsiktige singer/songwriteren med kassegitar er ein saga blott. Han har retta skuta mot nye hav, og satsar alt på å heller lage reinskoren, synthbasert pop.

Kort historieleksjon: Etter å ha fullført «Roof Came Down», kjende Alaska på manglande inspirasjon og var lei av sine eigne låtskrivarvaner. Ikkje minst var han lite interessert i å ein dag skulle reise ut og spele live att.

Det var like før han kasta inn handkledet og skaffa seg ein vanleg jobb, då han høyrde debutalbumet til Billie Eilish. Der høyrde han ei opning for å halde fram med musikk på ein annan måte. Som låtskrivar for andre artistar.

Etter kvart som han skreiv fleire låtar meint for andre, vart han glad i dei. Då bestemte han seg for å skrote prosjektet, spele dei inn sjølv og heller la dei vere utgangspunktet for ein ny artistisk start.

For forsiktig

Her ligg ein del av problemet med «Girl». Medan Jonas Alaska slettes ikkje er ein dårleg låtskrivar, er det tydeleg at han er på bortebane. Låtmaterialet ber preg av å vere skrive for andre artistar enn Alaska sjølv, og kjenst til tider svært upersonleg.

Jonas Alaska står med ryggen til og ser i kamera over skulderen.
VRIEN OVERGANG: Ikkje alt går på skjener for Jonas Alaska i overgangen til popmusikk. Foto: Frode Fjerdingstad, promo.

Kanskje ville låtane vore meir treffande om dei vart framført av artistane dei er skrivne for, men i dette tilfellet vert det ein mismatch mellom låtar og korleis Alaska tilnærmar seg dei.

Den tilbakehaldne og nesten minimalistiske tilnærminga har fungert godt for han tidlegare, men her vert det for mykje for sitt eige beste.

Dette gjer seg gjeldande særleg på dei første spora på plata, og tar ein tredjesporet «Oh Baby Please» som døme, er det openbert at låten vil ein stad den aldri kjem. Den legg opp til eit forløysande løft refrenget ikkje klarer å leve opp til.

Fleire av produksjonane saknar eit ordentleg driv, og det kunne vore langt meir brodd i vokalprestasjonane. Det kjenst som at noko vesentleg manglar, og resultatet er at ein stor del av albumet rett og slett ikkje engasjerer.

Nærbilde av Jonas Alaska
VARIERT RESULTAT: «Girl» har sine godlåtar, men ein stor del av albumet slit med å engasjere. Foto: Frode Fjerdingstad, promo.

Eg vil nødig fortelje Jonas Alaska og produsent Eivind Helgerød korleis dei skal gjere jobben sin, men når popmusikk ikkje engasjerer, har vi eit problem.

Sterk avslutning

Men så er ikkje alt ille heller, då! På «You’re Not Fooling Anyone», gjestast albumet av Dagny, som bidreg med ein energisk og effektfull kontrast til Alaska. Det er dumt at ein må vente til spor fire før ein får eit slikt høgdepunkt, men albumet har verkeleg sine låtar herifrå og ut.

Til dømes er både «Minute» og «Together» genuint gode poplåtar på kvar sin kant. Kanskje har også desse litt å gå på, men ikkje i den grad at det står i vegen for kvaliteten.

Riktig nok ville sistnemnde, som gjestast av Mikhael Paskalev og Billie Van på refrenget, vore albumets beste om den hadde sparka endå litt meir, men slik blir det diverre ikkje denne gongen.

Den tittelen er det heller atmosfæriske «Just a Friend» som tar. Den litt svevande og nattlege produksjonen støttar perfekt opp om Alaska sin tekst om einsemd og usikker kjærleik. Når det klaffar for han som popartist, er det verkeleg full klaff også.

Det er heilt innanfor å avslutte på heimebane når ein kastar seg inn i noko nytt og ukjend. Avslutningslåten «Somehow», der kassegitaren er henta fram att, er nemleg det næraste vi kjem vintage Alaska på «Girl». Det er eit trygt, men vakkert punktum for albumet.

Delt mellom bra og anonymt

«Girl» endar opp med å vere halvt interessant og bra, og halvt anonymt og lettgløymeleg. Det er nokre riktig så gode låtar her, men heilskapsinntrykket er at Jonas Alaska har sterkare album bak seg.

Med det sagt, vågar eg å hevde at han viser prov på å kunne ha ei karriere som låtskrivar.

Om det sit for langt inne for Jonas Alaska å gå attende til det gamle og trygge, er ikkje det nødvendigvis heilt krise. Det er noko her å bygge vidare på, sjølv om totalen denne gongen ikkje er heilt på merket.

LES FLEIRE OMTALAR:

Siste fra P3.no: