nrk.no
Dagny - Live, Øyafestivalen

Godt for sjela

Dagny leverer ikkje hundre prosent perfekt på Øyafestivalen, men det er sanneleg ikkje så langt unna.

I den endelause straumen av norske kvinnelege artistar heile landet er på førenamn med, er det ei utfordring å finne dei store knaggane å posisjonere alle med. Ein kan tilgivast om det går litt i surr i scandipop-jungelen.

Dagny har ikkje ein etablert karakter eller historie som gjer at ho står ut, men ho er best i klassen når det gjeld refreng og anthems.

Til sjuande og sist trumfar bra musikk eit godt brand, så det kunne vore verre.

Når tromsøværingen gjestar Øyafestivalens største scene fredag kveld, gjer ho det heilt tydeleg at ho har ein enorm styrke til.

Dagny føler seg selv og synger intenst inn i mikrofon. Har på en hvit kjeledress med svarte ruter.
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Vinnande vesen

Teppefall i det første låt startar er eit eldgamalt triks, men det fungerer like godt kvar gong. I Dagny sitt tilfelle er det eit digert og sjakkrutemønstra teppe som går ned til opningslåten «Let me cry».

Både Dagny, bandet og rekvisittane dei har med seg matchar sjakktemaet, og som så ofte elles på festivalen, er det lagt store summar i pyro.

Det ser svært stilig ut. Det er visst ingenting i vegen for at ein popartist kan vere visuelt heilt på linje med dei store livebanda.

Dagny står foran bandet sitt. I hvit kjeledress. I bakgrunnen er det en vegg med sjakkmønster
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Slikt kan sjølvsagt blende ein som konsertgjengar, men det er ikkje det visuelle som gjer Dagny sin konsert på Øyafestivalen til ein minneverdig affære.

Det er det hennar autentiske og smittande vesen, i kombinasjon med vokalmessig innertiar, som sørgar for.

Skal berre kose seg

Etter fleire forsøk på å stable ein Øya-konsert på beina, er Dagny og bandet sjeleglade for å endeleg få gjennomføre den. No skal dei berre kose seg, fortel ho, og det er det ikkje tvil om at dei gjer.

For eit nærvær ho stiller med! Ho er som skapt for denne settingen.

Publikum brukar litt tid på bli varme i trøya, men responsen er enorm når «Pretty» vert introdusert. For første gong framført live saman med Astrid S, som syng på studioutgåva.

  • To gitarister i hvite kjeledresser sitter på hver sin side av Dagny og Astrid S. De synger i hver sin mikrofon.
  • To gitarister i hvite kjeledresser sitter på hver sin side av Dagny og Astrid S.

Slikt blir sett pris på. Hundrevis av telefonar vert fiska fram for å dokumentere augneblinken når den begeistra applausen ljomar utover amfiet, og alle som enno ikkje har reist seg kjem seg på beina.

Supervikar

At Astrid S syng fint er ei etablert sak, men det er ikkje ho som står att som høgdepunktet kva gjeld gjestande vokalistar i kveld.

For vi rette fokus mot bandet Dagny har med seg, og særleg backup-vokalist Monica Rennan Hjelle.

For ei songstemme, då! Det er ingen som rynkar på nasen når Dagny forsvinn frå scena under «Fool’s gold», og Hjelle tar over styringa. Supervikar!

Dagny og korister ser på hverandre mens de synger i hver sin mikrofon. Begge har på hver sin hvite kjeledress.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Sjølv om Dagny er hovudpersonen, er ho raus med plassen ho gir dei ho delar scena med. Dette er ikkje ei superstjerne med eit anonymt band. Desse spelar på lag.

Det bra overskygger det dårlege

Eitt og anna feilskjær finn ein om ein leitar. «Moment» er såpass forgløymeleg at ein kan lure på om den i det heile tatt vart spelt.

Og ein noko malplassert og bassgitartung intro til «Wearing nothing» gir lite til konserten.

Begeistringa er derimot enorm når låten faktisk byrjar, og det er vanskeleg å legge for mykje verdi i dei få tinga som ikkje fungerer.

Ein skal arbeide hardt for å ikkje føle noko når allsongen rungar til hits som «Love you like that» (framført midt i publikum), eller når Dagny verkeleg viser kva som bur i ho under «Bye bye baby».

Når «Somebody» avsluttar settet, fyrverkeriet flyr gjennom lufta og det regnar gnistar ned over scena, snakkar vi om eit augneblink som gjer at alle dei frammøtte vil hugse denne augustkvelden i Tøyenparken i lang, lang tid.

  • Dagny ser på gitaristen sin og begeg smiler. I hver sin hvite kjeledress.
  • Dagny stirrer inn i kamera mens hun smiler lurt. I bakgrunnene er det et rutete slideshow.
  • Dagny har på seg en hvit kjeledress med svarte ruter på og står rett opp og ned og synger i en mikrofon.
  • Nærbilde av Dagny. Hun skriker inn i en mikrofon

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: