nrk.no
Sigrid - Live, Slottsfjell

Hits til unnsetning

Det var låtmaterialet, heller enn framføringane, som stod i vegen for Sigrid på Slottsfjell.

Tidlegare på andre dag av Slottsfjell hadde dei største folkemassane glimra med sitt fråvær.

Men då Sigrid tok til hovudscena var det likevel ein svært respektabel flokk som hadde møtt opp.

Andrealbumet «How to let go» hausta for det meste gode kritikkar då det kom ut tidleg i mai. Og Sigrid har brukt den siste tida på å promotere albumet rundt om i Europa.

Turnéen har teke ho innom store festivalscener på både Roskilde og Glastonbury.

På Slottsfjell var det endeleg Tønsberg sin tur til å høyre det nye materialet framført live.

Sigrid står på scenen og skriker i mikrofonen. Hun har på seg en blinkende diamantjakke. Og langt flagrende brunt hår. Vi ser hele beinene hennes.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Mykje nytt i sekken

Det er alltid eit sprekt val når artistar vel å vie storparten av setlista til nytt materiale. Fallhøgda er stor.

Ikkje ta feil – andrealbumet etablerte at Sigrid har eit øyre for anthems, men som fleire artistar har fått erfare før ho er det ei utfordring å møte opp på festival med noko meir enn berre crowdpleasarar.

Sigrid står på scenen og prøver å dra med seg publikum. Hun har på seg en hvit top. Og langt flagrende brunt hår.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

«It gets dark» er ein sterkare opnar på plate enn på konsert.

Og medan det ikkje er noko i vegen med framføringane av «Burning bridges» og «Risk of getting hurt», må vi til konsertens første store hit «Sucker punch» før ein verkeleg kan snakke om høgdepunkt.

Har ikkje det same forholdet som Sigrid har

Det evinnelege monsteret «festivalpublikum» er eit vrient monster å nedkjempe for dei fleste. Men det er oppsiktsvekkande at sjølv Sigrid ligg under med eitt mål frå start.

Ho har eit sjarmerande vesen, Sigrid, og gjer ein god scenefigur.

Men det er likevel låtmaterialet som dirigerer stemninga denne kvelden.

Sigrid står på scenen og skriker i mikrofonen. Hun har på seg en hvit topp og svart skinnbukse. Vi ser publikum i bakgrunnen. Og langt flagrende brunt hår.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

«Plot twist» og «Don’t kill my vibe» byr ikkje uventa på allsong. Og «Strangers» set verkeleg fyr på stemninga!

Men skilnaden i respons vert ytterlegare tydeleggjort når slike bangers vert følgd opp med balladar som «Bad life». Ein låt folk kanskje ikkje har det same sterke forholdet til som det Sigrid har.

Vinn berre tidvis

Det er openbert at publikum ikkje har fått den same eigarskapen til nytt materiale heilt enno. Trass at fleire av dei har fått leve eit respektabelt liv som meir eller mindre suksessfulle radiolåtar det siste året.

Sigrid står på scenen og skriker i mikrofonen. Hun har på seg en hvit top. Hun holder den ene hånden inn til brystet. Og langt flagrende brunt hår.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Ein artist av Sigrid sin storleik vil alltid ha sine trufaste disiplar som sikrar stemninga heilt framfor scena, men den ivrigaste responsen frå det store publikummet uteblir.

Den totale konsertopplevinga er aldri betre enn kombinasjonen av det som skjer både på og framfor scena. Sjølv om dette er eit felles ansvar, er det til sjuande og sist artisten sin jobb å overbevise publikum.

Denne kvelden er dette ein kamp Sigrid med band berre tidvis vinn.

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: