nrk.no
Arif og Stig Brenner - Live, Stavernfestivalen

Kjempar i motbakke

Eksterne faktorar kjempar mot Arif og Stig Brenner på Stavernfestivalen, men dei gir det eit forsøk.

Det har nærast blitt eit overgangsrite for norske artistar å ty til den folkelege høgborga «Hver gang vi møtes» i det sekundet dei når ein viss posisjon. Ikkje berre for pengane, men også for å vise mødrer landet rundt at ein sjølv med trøblete fortid kan ein vere ein triveleg, relativt ung artist.

No har vel verken Arif eller Brenner nokon gong hatt eit skandale-image å rette opp i, men kvifor ikkje utvide nedslagsfeltet sitt når ein likevel sit på toppen?

Det er vel ingenting som trugar posisjonen til dei to hitmakkerane Arif og Stig Brenner heilt enno, men better safe than sorry.

Closebilde av Stig Brenner. Han har en svart caps og solbriller og holder en mikrfon tett inntil ansiktet. Han har en beige jakke.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Sistnemnde vann P3-prisen i haust og ligg i så måte langt framme i løypa. Om ikkje anna, gjer dei to ein innsats for å befeste seg som ein dynamitt-duo i norsk musikksamanheng.

Eit anna godt triks for å markere seg som duo, er å halde ein eksklusiv konsert som duo på Stavernfestivalen.

Arbeider mot eksterne forhold

Så har dei kanskje bygd seg opp ein posisjon der dei kan levere eit eksklusivt show, men det vert også smerteleg tydeleg på Stavernfestivalen at dei ikkje kan regissere ein kveld på deira eigne premiss heilt enno.

Det er ein merkbar skilnad i graden av begeistring for låtane denne kvelden.

Medan Arif-låtane «Hvem er hun» og «Alene» er hits ein skal vere nokså sur for å ikkje respondere til, gir ikkje følsame Brenner-nummer som «Når alt ikke er nok» den same effekten.

Arig Og stig brenner står med hver sin mikrofon. Det er tåke på scenen.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Brenner viser seg som ein god liveartist, men det er underhaldaren Arif som i hovudsak tar ansvaret for showet på Stavern.

Eg meiner, det er ikkje sjølvsagt at nokon skal levere linja «hun kaller meg kattepus, mjau mjau» utan å sjå dum ut, men Arif får det til.

Arif står med en mikrofon tett inntil ansiktet. Han har svarte rastafletter og solbriller.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Sjølv om det ikkje er noko i vegen med korleis dei to framfører låtane sine, er tidspunkt, stemning og den generelle mentaliteten faktorar som spelar mot Arif og Stig Brenner i kveld.

Eit ærleg forsøk

Det er vanskeleg å laste dei to direkte for at dei spelar i kveldssol, for eit publikum på stigande rus, der følsame r&b-låtar kanskje ikkje er midt i blinken.

Arif og Stig brenner holder rundt hverandre. Bildet er tatt bak fra, så vi ser bare ryggene deres.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Kvelden blir det den blir: Dei kjempar i motbakke, og dei gir det eit ærleg forsøk, men det er til sjuande og sist populariteten til låtane som dirigerer stemninga meir enn kva dei to leverer frå scena.

Dette er eit show som skulle vore spelt i mørket, to timar seinare. Det ville gjort mykje, både for artistane og publikum.

I kveld fell det mellom to stolar, og det er synd. Ingen vil grine i kveldssol.

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: