nrk.no
Synne Vo - «Kanskje det går til helvete»

Kjent og kjær musikk, no på dialekt

Synne Vo gjer klassisk popmusikk på sterkt vis, men skin mest når ho introduserer noko eiget.

Vi har masse av popdamer i Noreg som representerer sine heimstadar i landets inn- og utkantar, ved å vise fram dialekta si på TV, radio og raude løparar.

Sigrid frå Ålesund, Astrid S frå Rennebu, Dagny frå Tromsø, Aurora frå Os. Men felles for dei er også at både norsken og dialekta forsvinn når dei lagar musikk.

Der har Synne Vo, kort for Synne Vorkinn, frå Lesja i Gudbrandsdalen valt ein annan veg. Sjølv om musikken hennar minner mykje om han til damene over, syng ho på dialekta si lesjamål.

Ho opnar til og med debutalbumet «Kanskje det går til helvete» med eit snakkespor som har tittelen «2665 Lesja».

Kort og enkelt

Det er heile fire sånne snakkespor på albumet, fragment av ei samtale Synne har gjort med mora si om kjærleikssorg og oppvekst. Det atterlet berre sju spor og berre 22 minutt til musikk på det allereie korte albumet.  

Det er samstundes nok tid til å få formidla albumets klare, enkle historier.

Synne Vo ser betenkt ut og har på seg en blå t-skjorte. Hun ser opp mot taket.
BETENKT: Synne Vo set ord på kjensler som mange har kjent på. Foto: William Blofeld, promo

Dei aller fleste låtane handlar om såre avslutta kjærleiksforhold, og kjenslene beskrivast rett fram i rein og enkel poesi. Dei får ennå meir kontekst av dei upoetiske snakkespora, som hjelper lyttaren å sjå inspirasjonen bak tekstane.

At noko så attkjennande som kjærleikssorg uttrykkast så i klartekst, verker tidvis vel enkelt. Mange gongar kan ein gjette seg til kva for tekst som kjem rundt neste sving. Men det kjem òg av kor universelle kjenslene er.

At nokon seier høgt nøyaktig det same som du har tenkt for deg sjølv på soverommet, kan kjennest veldig godt. Det beviser til dømes suksessen til «Barbie»-filmen, som bygde mykje av dialogen sin på akkurat den premissen.

Synne Vo synger på P3 Gull, i et rom med flere senger som er fullt av flyvende putedun.
SOVEROMSPOP: Synne Vo opptredde under «P3 Gull» i 2023. No kjem debutalbumet. Foto: Tom Øverlie

Oppskriftspopen rår

Kanskje tekstane og historiene står fram så enkle som dei gjer, fordi dei òg kjem hand i hand med skikkeleg oppskriftsbasert popmusikk.

Låtane set alltid vokalen i sentrum, fyller på med klimprande gitarlinjer som vekslar mellom elektrisk og akustisk gjennom albumet, og byggar opp med sykliske aukingar og senkingar i bass og trommer.

Det er ordentleg klassisk norsk popmusikk anno 2020-talet. Og sjølv om det funkar denne gongen òg, så høyrast det nesten forvirrande kjend ut.

sYNNE vO HAR PÅ SEG EN GUL TOPP OG STÅR PÅ EN SCENE OG SYNGER.
FESTIVALSOMMAR: Synne Vo har blitt ein av dei mest strøymde norske artistane dei siste åra. Foto: John-André Samuelsen, NRK

Når alt kjem til stykket er det først og fremst dialekta – og den stødige, lyse stemma som ber den – som set Synne Vo-stempelet på låtane.

Utan vokalen kunne låtane langt på veg ha tilhøyra dei andre damene eg nemnde innleiingsvis.  

Plutseleg særpreg

Men så, nesten mot slutten av plata, skjer det noko.

På «Gjesten på festen», attpåtil ei av dei framheva låtane frå albumet, tek Synne Vo eit sidespor inn i countrymusikk.

Her klimprast og klappast det på halve taktar som blir heldt ved hjelp av ein tamburin. Samstundes er det lette, moderne poputtrykket godt til stades i låta.

Synne har på seg en gul t-skjorte og står foran en brun hytte og ser seriøs ut.
HAUSTALBUM: Albumet til Synne Vo kan sjå ut til å passe perfekt til årstida vi er i. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Her får Synne brukt alt ho er god på, både den sterke, lyse vokalen og den enkle, treffande poesien. I tillegg skapar ho eit særpreg som er meir enn berre stemme og dialekt.

Perfekt for hausten

Eg trur vi kjem til å høyre mykje av desse låtane gjennom hausten.

Der singlane «25» og «Mamma sa det ordne sjå for snille piker» handla om det å bli vaksen, er det no tid for dei sterke og såre kjærleikssongane «E ha aldri», «Lost and found» og «Gjesten på festen».

Og dei kjem akkurat i tide til at sommarflørtane har dabba ut og kveldsmørket har senka seg over landet. Det er det ein kallar god timing.

Medan vi lappar hjartesåra til desse låtane, er det kanskje tid for Synne Vo å senke skuldra og dyrke særpreget sitt ennå meir, uansett kva retning det tek ho i.

FLEIRE ALBUMANMELDELSER:

ENDA MER OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: