nrk.no
Brenn. - Live, Øyafestivalen

Kliner til!

Brenn gjorde alvor av lovnadene då dei opna hovudscena på Øyafestivalen.

Det er ein klisjé å seie det, men hjelpas kor flott det er å sjå folk igjen ta den årlege turen til Øyafestivalen i Tøyenparken, og presse ut dei siste dropane av festivalsommaren.

Om det var Kings of Convenience som opna festivalen, er det opp til Brenn å ta rolla som energiboost. Den som riv publikum ut av den døsige varmen og verkeleg markerer at festivalen er i gong.

Ikkje minst er dei første band ut på hovudscena.

Lovnader i bagasjen

I forkant var rockarane ute og lova at dei skulle markere det ærefulle oppdraget ved gi publikum ei oppleving utan like, som kunne sidestillast med både paintballbursdag, kyssing og pizza.

Store lovnader!

Særleg når lyden er nokså veik i det bandet går på scena, og den umiddelbare responsen er deretter. Heldigvis er det heller unntaket enn regelen.

Oversiktsbilde av Brenn sin konsert på Øya. Publikum er samlet, og på scenen ser vi alle spille hvert sitt instrument.
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Lyden kjem seg, bandet fangar merksemda til dei frammøtte og allereie under andrelåten «Jeg gir opp» vert den første av ettermiddagens mange moshpits mønstra framfor scena.

Konserten i seg sjølv består av ei liberal blanding av eldre og nytt materiale, med hovudvekt på låtar frå andrealbumet «Vandrer på solskinn».

Minst like liberal er bruken av pyro, og enorme flammar truar stadig vekk med å gi alle framfor scena fullstendig heteslag.

Vokalisten i Brenn lener seg bakover mens det er flammer som spruter opp fra han
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Det er varmt nok som det er med 25 grader i lufta. Kvifor gjer de dette mot oss, Brenn? Det ser i det minste veldig tøft ut.

Sterkt høgdepunkt

Pyroteknikken går i overdrive særleg under «Deepfake», som ifølge rykta ein av bandets eigne favorittar.

Eit rykte det er lett å tru på, for her sit samspelet som støypt.

Den glitrande avslutninga, der høglydte gitarar og flammar slår mot publikum, er ikkje berre stilig å sjå og høyre på.

Det er også ein oppvisning i energisk formidling og noko som utvilsamt kjem til å stå att som eitt av festivalens høgdepunkt.

Forbanna sjarmerande

Det er såpass triveleg å vere på konsert med Brenn at ein nok kan peike på mange høgdepunkt.

Men stagedivebonanza under avslutningslåten «Du og jeg», og Kjartan Lauritzen sin gjesteopptreden under «Du lar meg henge, men» står ut. Sistnemnde avsluttast med eit ektefølt kyss mellom Lauritzen og frontmann Edvard Smith Save.

Han er så forbanna sjarmerande, Smith Save, at ein nesten får lyst til å vere med og kysse sjølv.

Vokalisten i Brenn spiller gitar og ser tøff ut på scenen
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Han byr vidare på eit vinnande vesen når han introduserer bandet til tonane av Herb Alpert sin «Spanish Flea».

Ein kan alltids stå med handa på hjartet og dele ut ektefølte monologar om kva det betyr å få spele på Øya, kor glad ein er for å sjå dei frammøtte og blaaablabla.

Det er meir nærliggande for Smith Save å by på seg sjølv gjennom genuin begeistring og ein stor dose god overtenning.

Hansken er kasta

Dette kjem også til syne når bandet før «Keen» seier dei skal ta det litt ned.

Er det eigentleg noko som heiter å ta det litt ned når det kjem til Brenn? Sannsynlegvis ikkje. Her er det ikkje rom for balladar og kjensler som bremsar momentet, for no skal det heller fjasast og showast for alt det er verd.

Tromissen i brenn har på seg en turkis vest og synger mens han spiller trommer
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Det finst mange band som imponerer meir enn Brenn når det gjeld streams og den slags, men i ein livesetting vert det nokså tydeleg at dette er eit band som nytast best i direkte interaksjon med publikum.

Hansken er kasta. Knapt tre timar etter at festivalportane opna, har Brenn sett standarden for kva resten av banda på plakaten har å leve opp til. Du verda, for ein måte å starte festivalen på!

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: