nrk.no
Rex Orange County - «Who cares?»

Her skrantar det mykje

Rex Orange County sitt fjerde album kunne like greitt vore ein EP.

Britiske Alexander James O’Connor, eller Rex Orange County om du vil, er klar med sin fjerde langspelar, «Who cares?», tre års tid etter suksessen med «Pony».

Anten ein vil kategorisere han som bedroom pop, soul eller indie, har han i alle fall funne saman med kompis, musikar og produsent Benny Sings. Legenda skal ha det til at dei to fann eit såpass stort kreativt giv, at dei skreiv heile albumet over ti dagar i Amsterdam.

Overtydeleg og einsformig

Ti dagar kan ha vore i kortaste laget, for her skrantar det mykje.

Ingen skal skulde O’Connor for å vere ein spesielt spanande tekstforfattar og det kjem stadig til syne på «Who cares?».

Tekstmaterialet er som regel så overtydeleg at det kan få «Idyll» av Postgirobygget til å virke kryptisk.

Om ikkje anna gjer han seg relaterbar, men særleg ektefølt kjenst albumet aldri.

Nærbilde av Rex Orange County. Han ser opp mot venstre og har på seg en oransje genser.
FORBETRINGSPOTENSIAL: Rex Orange County kunne gjort mykje betre på «Who cares?». Foto: Alexandra Waespi.

For nei, Rex Orange County, å pepre låtane med absurde mengder «whoooaoo» mellom strofene er ikkje det same som å framføre dei ektefølt.

Når tekstar og nerve sviktar, kan ein ofte lene seg på solide pop-produksjonar, men det må jo vere grenser for kor mange gonger ein skal gå for lydbiletet «elpiano og strykarar under den litt henslengte stemma».

Er Rex Orange County anno 2022 verkeleg så livredd for å ta eit ørlite steg ut av komfortsona?

Det heile blir raskt så repetitivt og einsformig at det berre er eit mindretal av låtane på albumet som eigentleg er verd tida.

Fire lyspunkt

Går ein litt hardt ut kunne Rex Orange County eigentleg erstatta albumet greitt med ein neve singlar eller ein EP, for dette framstår som elleve forsøk på å skrive dei same to-tre låtane. Med svært varierande hell.

Ein skal likevel ikkje ta ifrå han at han har eit øyre for kva som fenger, eller at han kan kome opp med ein god melodi på ein god dag.

For albumet startar i og for seg nokså sterkt.

Opninga «Keep it up» og tredjesporet «Worth it» er nemleg lettfordøyelege, up-beat og fullt lyttbare låtar som viser briten frå hans betre side. Det pløyer kanskje ikkje så djupt, men det er vel heller ikkje den kommersielle popens misjon.

I tillegg er Tyler the Creator-samarbeidet «Open a window» eit brukande stykke pop-soul, der dei to utfyller kvarandre greitt, og kanskje den låten på albumet som sit best.

Diverre er dette berre dei tre første spora, og herifrå og ut går det kreativt og låtmessig på tomgang. «The Shade», med ein nokså stilig bass/gitar-produksjon, er det einaste som evnar å måle seg med låtane ein finn innleiingsvis.

Det er desse fire lyspunkta som til slutt klarer å redde inn eit svært svakt terningkast tre for «Who cares?». Problemet er ikkje at Rex Orange County er ein forferdeleg musikar, men at albumet er så uinspirert og flatt at ein stadig tar seg sjølv i å lure på kor mange spor det er att.

Bakgrunnsmusikk

«Who cares?» spelar det brutalt trygt, og det skal noko stort til for at det blir ei direkte negativ affære å høyre på det. På den andre sida gjer det komplette fråværet av utfordring og spenning at vegen blir alvorleg kort til å kjede seg.

Det er sikkert ingenting i vegen for at albumet kan få eit heilt fint liv i den store og vide kategorien «bakgrunnsmusikk», men det stoppar også der. Det er lov å forvente meir, langt meir, også når ein berre er ute etter lettbeint pop.

LES FLEIRE ALBUMANMELDELSER:

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: