Honningbarna - by:Larm, Rockefeller

Øk det og styrk det!

Honningbarna har skjønt kva by:Larm handlar om.

Då Honningbarna sto skulder mot skulder og tok imot jubel frå eit fullstappa Rockefeller i går kveld, kunne dei gjera det trygge på at dei hadde gjort alt som sto i deira makt for å gjera seg fortent til den massive omtalen dei vart tilgodesett i forkant av by:Larm. Der og då var dei sjølv inkarnasjonen på kva festivalen handlar om: Å ta tak i den sjansen ein har fått tildelt, og angripa den med ein styrke ein ikkje i noko tilfelle kan angra på i ettertid.

2011 ser ut til å bli eit surrealistisk år for Honningbarna. Medan alle som ein framleis er innrullert i det norske skulevesenet, har sigeren i Årets Urørt helt bensin på eit allereie ulmande bål av forventingar under føttene til sørlendingane.  Plateslepp, turné og festivaljobbing  ventar – parallelt med skulemusikal og engelskeksamenar.

Kanskje det er denne blytunge kvardagsforankringa som gjer at vokalist Edvard HaraldsenValberg omtrent midtvegs i settet på Rockefeller, etter ei forrykande oppvising i energisk speleglede, brølande kristiansandsdialekt og kontant punkrock, tydeleg blir satt ut av kva det er som faktisk foregår. Uvanleg for noko band så langt på årets festival, verkar Honningbarna rett ut takksame for moglegheita til å spela. Innstillinga smittar òg over på eit i utgangspunktet vanskeleg publikum, som tek imot kvart einaste celloriff med opne armar.

I sin enorme speleiver gjorde dei unna settet sitt på 25 minutt, noko som frigjorde plass til ein halsbrekkande gjennomkøyring av Raga Rockers evige «Noen å hate» som avslutningsnummer. Men neidå, inga grunn til å hata Honningbarna. Innsatsen på deira Rockefellerdebut står til toppkarakter, og dersom låtmaterialet vekser til, samstundes som den ungdommelege gløden held stand, vert dette vanvittig moro å følga.