Mumford & Sons - Oslo Spektrum
Terningkast 5

Andakt med banjo

Sjølv om dei berre har to album under beltet, fyller Mumford & Sons Oslo Spektrum første gong dei er i Norge. Og salen vart fylt med gåsehud.

Då «Little Lion Man» rulla i gang, og hundrevis av lyspærer i taket tenner opp på likt, eksploderer publikum. Om gåsehud kan flytta fjell, trur eg me kollektivt fekk Mount Everest til å rista litt i akkurat denne augneblinken.

Ein kassegitar, ein banjo, ein kontrabass og eit keyboard. Gjennom store deler av konserten er det dette som er å finna på scena, og ofte held dette lenge. Strykarar på den eine sida og ei blåserekke på den andre er eit velkomment tilskot, som løftar opplevinga endå lenger opp.

Trass i si korte levetid verkar Mumford & Sons rutinerte og vanvittig erfarne på scena. Fest skal det vera når ein trekk fram banjoen, og fest vart det.

Hør konserten om igjen her! 

Då konserten nærma seg den endelege avslutninga, vert den smått seremonielle stemninga i salen bygd opp nokre hakk til. Oppvarmingsbanda Half Moon Run og Mystery Jets kjem tilbake på scena og finn sine instrument. Og så set dei i gang «The Weight», ei låt av The Band, og eit respektfullt nikk til deira legendariske avslutningskonsert, The Last Waltz.

Akkurat då er det godt å vera publikum i Oslo Spektrum, og avslutninga toppar ein jamnt over strålande kveld saman med Mumford & Sons. Når denne kvelden og har bestått av gullkorn som «I Will Wait», «Hopeless Wanderer», «Thistle & Weeds» og eit utall andre høgdepunkt som kunne setja skjelven i sjølv dei mest kyniske blant oss, er det lite å klaga på.

Det som er å trekka på, er at ein litt for stor del av publikum fokuserer meir på filming med mobiltelefon enn det som faktisk skjer på scena. Det er litt sørgeleg, når det som skjer under lyskastarane heilt der framme har så storslagne augneblink.

For ein med forkjærlegheit for det uperfekte kunne det og vore fint om ikkje alt var fullt så perfekt. Ei sterkare kjensle av spontanitet på scena er sjarmerande, men det er like fullt fascinerande å sjå så dyktige artistar gjera det dei kom for, og samstundes prestera over forventingane.

Eg trur Lydverket sin eigen Ruben Gran oppsummerte det best, då han avslutta P3 si direktesending av konserten i Oslo Spektrum med; «Sakleg avslutning, og for ein kveld det har vore».

Anders Veberg