Atter ein konge

Indiepop-gruppa King Midas kjem tilbake, etter 6 år i skjul. Første smakebit får terningkast seks!

«King Midas er et norsk rockeband fra Oslo som debuterte allerede i 1994. Bandet har lenge vært omtalt som et av hovedstadens spennende rockeband.»

Meir står det ikkje på Wikipedia om King Midas, men frå midten av 90-talet har dei vore aktive innan ulike sjangrar. Dei starta med psykedelisk elektronika på 90-talet, rulla vidare til glamrock på 00-talet, og no vil dei perfeksjonera moderne blues, ifølgje ei pressemelding frå Fysisk Format.

Første smakebit er ei uimoståeleg perle som er verdig høgaste karakter.

Les anmedelsen her: Gyllen snø

No kan du høyra låta, først her hjå P3.

Artikkelen held fram under.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=3tRYCC_f9VY]

 

Les meir om King Midas hjå Lydverket

Snø på vegane

King Midas er tilbake, og har sluppe låta "Snow". Nytt album kjem i løpet av året.
King Midas er tilbake, og har sluppe låta «Snow». Nytt album kjem i løpet av året.

Dei er tilbake, etter lang tid med ulike rykter. Bandet har vore oppløyst, gått konkurs i frukt- og grønt-bransjen, selt alle instrumenta for å bli kvitt gjeld og ikkje minst jobba iherdig med eit trippelalbum, om ein skal tru det som har blitt sagt.

Ein dato for nytt album er ikkje klar, men målet er at King Midas skal levera eit heilt album i løpet av året, gitt ut av Fysisk Format.

Ein smakebit kan du likevel få allereie no. «Snow» handlar om ein lastebil-tur som går gale. Ifølgje plateselskapet er det ein omvendt hyllest til «E6» frå DDE.

«Snow» debuterte tidlegare i år i Stuart Maconies Freak Zone på BBC, men singelen kjem ut offisielt i dag.

 

Marius Asp er vaktsjef på p3.no/musikk, og har lenge hatt eit nært forhold til King Midas.

Marius Asp er vaktsjef og anmelder i P3. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.
Marius Asp er vaktsjef i P3.no/musikk. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

– King Midas er ei av Oslo-gruppene som stakk seg tydelegast ut gjennom 90- og deler av 00-talet. Dei var referansetunge og fulle av musikkhistorie, men hadde og ein eigenarta og kul signatur, både som musikarar og låtskrivarar.

Asp ser fram til King Midas sitt nye album med ei viss spenning.

– Det blir kjekt å sjå korleis dei har utvikla seg på kvar sin kant dei siste åra – eller om dei har utvikla seg i det heile. For meg var dei på sitt beste då dei kom seg ut av det psykedeliske sekstitalet og fokuserte meir på rytmen, som ein kan høyra på det siste albumet, Sorry.

– King Midas er ei av Oslo-gruppene som stakk seg tydelegast ut gjennom 90- og deler av 00-talet.

King Midas har tidlegare fem album på samvitet, og det siste ein kunne høyra frå dei var albumet Sorry i 2007.