Lars Vaular - Du betyr meg

Bli med på romferda

Lars Vaular tek nokre modige val med sistealbumet Du betyr meg og vert rikeleg belønna.

Du betyr meg er Lars Vaulars fjerde album, men hans fyrste som del av toppdivisjonen av ikkje berre norske rapparar, men den samla styrka av norske artistar. Når ein er i ein slik posisjon, ville det å  følgja opp sin eigen suksess for dei fleste vore meir enn nok. Vaular nyttar heller høvet til å definera sitt heilt eige rom som artist, der reglane ikkje er satt av andre enn han og hans tiltrudde.

Vala som vert tatt på Du betyr meg står ikkje nødvendigvis til ståkarakter i teoriprøven om klassiske hiphop-køyrereglar, men resultatet er noko så klassisk som eit album som veks proporsjonalt med tida ein bruker på det. Dei elektroniske elementa, som eksploderte over riket med «Rett opp og ned», er framleis med, men Du betyr meg sneier over fleire sjangergrenser enn som så. Det harde gnissar mot det florlette, linjene motsett seg trassig fastsette mønster, og referansane glir frå det openbare – som «Billy Jean» på ein snurr gjennom bergenssmauene på «Hundre sanger» – til det mest gjennomsiktige.

Vaulars tekstunivers tenderer mot det høgtsvevande og tvetydige, og meininga bak er sånn sett ikkje alltid like tydeleg. Nokre leiemotiv trer likevel fram: Tilhøvet mellom for-, no- og ettertida av suksess, mellommenneskelege komplikasjonar, eit blikk for skilnader og felleskap, kameratskap. Gjennomgangstonen er dunkel, ikkje minst når konturane av 22. juli trer fram frå skuggene i «Tåken» – for øvrig ei mesterleg handtering av eit usannsynleg vanskeleg tema. Gjennom heile albumet peiker Vaular seg nok ein gong ut som ein suveren observtør og sjølvanalytikar på samme tid. Linjer som «Det er mange steder eg vil dra / trodde de var langt vekke men de er nærmest mulig deg i dag» – frå eitt av albumets soleklare høgdepunkt, «I disse dager» – har både ressonans og finesse, og viser fram Vaulars finstemte balanse mellom det allmengyldige og det personlege.

Representantar frå A-laget, John Olav Nilsen og Gjengen og Fjorden Baby!, så vel som artistar med litt mindre framtredande skarre-R, er med på å setta sitt preg på Du betyr meg, og gjer sitt for at festen ikkje skal vera heilt over: Du treng ikkje vera emigrert vestlending for å sjå potensialet til magiske augeblikk som følgjer med tjommi-anthemet «Når eg kommer hem», og take-off-partiet til «Ninja» er eit kva som helst svett dansegolv verdig.

Ikkje alle spora kjennes like essensielle, men ein har mykje igjen for å høyra albumet samla. Produksjonen, i hovudsak i Thomas Eriksen og Anand Chetty sine hender, samlar både trådane på eit album som til trass for sin sprikande natur, framstår som det mest heilstøpte Vaular har gjort til no. Og når Olav H. Hauge dukkar opp på den  nemnde «I disse dager», med brotstykker av diktet «Lodd», er det endå nokre bitar som fell på plass:

Er du med på romferdi
eller er du
eitt av desse loddi
som stend att på bakken og segjer
dette gjeng aldri i verdi?

Det er ingen ting å gjera med lodd
Dei stend der.
Ein kan vega dei upp, dei
seigjer ingen ting um det.
Men dei stend der
like urikkelige, like kalde.

Det er dei som veit
kva tingi veg.

Å trekka for klare parallellar mellom diktarhøvdingen frå Ulvik og rapparen frå Bergen skal ein vel passa seg for. Men noko av bodskapen frå «Lodd»  kan likevel overførast til Du betyr meg: Vågar du å ta sjansar, å tru på det usannsynlege? Eller skal du oppretthalda status quo? Lars Vaular har tatt sitt standpunkt. Du betyr meg går langt i å utfordra det vante,  både i innhald, stil og form. Men den som vågar, vinn som kjend i lengda.

Maria Horvei