nrk.no
Daniel Kvammen - «Guta som gret»

Det store egoet mot knusande låg sjølvtillit

På «Guta som gret» er Daniel Kvammen på sitt beste som tekstforfattar, men låtmaterialet er ikkje alltid like solid.

Fire år etter tvillingalbuma «Vektlaus» og «Maktlaus», der Daniel Kvammen (33) for alvor sementerte seg som noko meir enn «Du fortener ein som meg», er han endeleg klar med oppfølgaren.

Nokre singlar har det blitt på vegen, men likevel. Det er på tide med ein større utgjevnad frå ein av våre meir suksessrike artistar.

Med tittelen «Guta som gret», treng ein ikkje nødvendigvis vere eit geni, tryllekunstnar eller kva det skulle vere for å forstå at den overhengande tematikken er menn og deira kjensleliv.

Ein modna tekstforfattar

Som mann i kontakt med kjenslene sine, har Daniel Kvammen alltid skrive om denne tematikken, men kanskje ikkje like konseptuelt og spissa. Sjølv skildrar han albumet som eit svar til debutalbumet «Fremad i alle retninga», der forteljaren seks år seinare ser attende på reisa og spør seg om det var verd det.

For ei reise har det vore, både soundmessig og for Kvammen som artist. Ein kan debattere kva utgåve ein likar best, men på «Guta som gret» kjenst det veldig lenge sidan han vart samanlikna med Stein Torleif Bjella.

Visetalentet med kassegitaren har blitt popstjerne sidan den gong, og tekstforfattaren Daniel Kvammen har modna undervegs.

Utan at det går på kompromiss med kor tilgjengeleg han er, er ikkje universet hans lenger like sjølvsentrert eller svevande som tidlegare, og han har utvikla seg til ein svært god formidlar.

Han treff breiare. Før relaterte ein til Daniel Kvammen, men no relaterer ein til låten.

Daniel Kvammen på scena under Øyafestivalen 2017.
PROGRESJON: Daniel Kvammen har utvikla seg som låtskrivar. Her på scena under Øyafestivalen i 2017. Foto: Tom Øverlie, P3.

Ved første blikk kan mannleg kjensleliv-konseptet verke sjølvmedlidande, eller til og med teit, men det er ikkje ei rettferdig skildring av kva det faktisk er. Kvammen er både sårbar og humoristisk i vinklinga av tematikken, på ein både variert og sakleg måte.

Det store egoet mot knusande låg sjølvtillit, motløyse mot optimisme.

Kjenslelivet er komplekst, men skildrast godt, og det er på dette feltet at «Guta som gret» skin mest.

Skiftande låtmateriale

Ein skal heller ikkje kimse av laget Daniel Kvammen har mønstra til «Guta som gret». Med seg som både musikarar og låtskrivarar, har han m.a. Preben Sælid Andersen (Death by Unga Bunga) og Lasse Lokøy (Lokoy, Sløtface).

Eit velfungerande samarbeid, der ein har klart å skape ein god og naturleg låtprogresjon, og ikkje minst gitt albumet ein identitet. Ein høyrer liksom at låtane tilhøyrer den same pakken.

Likevel – det er ikkje alltid det er nok med eit stjernelag og eit gjennomarbeidd lydbilete. For medan tekst og instrumentering er på plass, står fleire melodilinjer fram som uinspirerte, som i tur hindrar låtar i å nå potensialet sitt.

Til dømes er det eit solid refreng som reddar «Min eigen verste venn», medan det på tittelsporet «Guta som gret», er refrenget som vert direkte antiklimatisk. Lufta går ut av ballongen.

Andre låtar, som «Falle frå jorda», klarer ikkje måle seg med låtane som omgir dei.

Heldigvis er ikkje dette gjeldande heile vegen.

Svart/hvitt-foto av Daniel Kvammen som justerer jakkeermet
UJAMT: Trass eit gjennomarbeidd sound og tekstunivers, varierer «Guta som gret» litt. Foto: Simon Skreddernes

Albumet toppar seg med dei lausrivande «Janteloven» og «Kamikaze», som på meisterleg vis manar fram det beste ved pop-Kvammen, slik ein kjenner han frå «Maktlaus». I tillegg gir ein låt som «Den tyngste turen» ein oppløftande kontrast til introspektive og lågmælte «Idiot».

Låtmaterialet vert noko skiftande, og sjølv om det sjeldan er svakt, sit ein att med inntrykket at Daniel Kvammen har jamnare plater på samvitet.

Er det verd det?

Så medan Kvammen avsluttar albumet med å spør om det var verd det, kan ein stille seg sjølv eit liknande spørsmål. Om det er verd det å gi «Guta som gret» ein sjanse.

Og ja, det er klart det er det. Sjølv om det ikkje er på dette albumet at Daniel Kvammen alltid byr på dei mest udiskutable klassikarane i katalogen hans, betyr ikkje det at albumet ikkje har mykje positivt ved seg. Sett under eitt, er «Guta som gret» ei god lyttaroppleving, der Kvammen og bandet hans ikkje gjer seg bort.

Det vert berre litt få av dei verkeleg store høgdepunkta.

LES FLEIRE OMTALAR:

Siste fra P3.no: