Kaizers Orchestra - Violeta, Violeta vol. II

Den vanskelege andreplata

Kaizers Orchestra seglar vidare med sin Violeta, Violeta-trilogi. Volum II har grei medvind, til trass for visse feilskjær.

Eit knapt år etter at teppet gjekk opp for fyrste akt av Kaizers Orchestras Violeta, Violeta-triologi, er det klart for andre runde med det fillete trekløveret Beatrice, Kenneth og Violeta. Sjølv om forgjengaren ikkje akkurat etterlét underteikna gispande etter meir, var det ingenting å sei på responsen frå Øya-publikumet då låtmaterialet på Violeta, Violeta vol.  II vart avduka under årets festival. Og dei hadde også rett i at det var ein del å gleda seg over.

Albumets fyrste halvdel løftar fram eit Kaizers som er mindre tynga av sitt eige konsept enn me har sett på ei stund. Åpningstospannet «I ett med verden» og «Støv og sand» varslar om eit strammare, meir gitarbasert lydbilete, der melodiane og ikkje minst refrenga er via rettmessig omtanke. Det løftar seg ytterlegare med dei to albumhøgdepunkta «Tusen dråper regn» og «Drøm videre, Violeta», som med sjølvsikker  melodiføring og kledelege arrangement framhever både låtskrivaren og vokalisten Janove Ottesens beste sider.

Rammene for Violeta, Violeta-prosjektet har vore klare frå fyrste stund – det er ei historie som skal forteljast. Ei historie om svik, galskap, mystiske mentale band og ein mildt sagt dysfunksjonell familiekonstruksjon. Dette stiller lyttaren i ei viss klemme. For utover på albumet dukkar det unekteleg opp noko som må seiast å vere reine transportetappar for eit stadig meir halsbrekkande handlingsforløp. At låta «Faen i båten» egnar seg godt til å skildra at det «koker i hodet til Kenneth», som det står i bookleten, er lett å gå med på. Men er den friske blandinga av Batman-liknande gitarriff, «Surfing Bird»-koring og ukontrollerte crescendo ei behageleg lyttaroppleving? Ikkje så veldig, nei.

Heller ikkje dei to avlutningsspora «Domino» og «Den romantiske tragedien» bidrar til noko særleg meir enn å føra forteljinga om dei skrudde karakterane vidare. Og det kjennes unekteleg litt feil at funksjonen til fleire låtar kjem betre fram i fotnotane til bookleten enn i den musikalske samanhengen.

Då er det betre stilt med den draumande «Silver», der ein av ein eller annan grunn godtek at Ottesen prøver seg på (ein slags) rap. Alt i alt er dei gode låtane i fleirtal på Violeta, Violeta vol. II, og albumets dunkle gjennomgangstonen kler bandet godt.

Om eg likevel skal setja fingeren på noko som plagar meg med Kaizers sitt univers, må det vera det totale fråværet av ekte kjensler. Eit sverd laga i papp kan aldri borra like djupt som eit smidd i jern, og Ottesen og Zahl si konstruerte verd og karikerte persongalleri rører ikkje på same måte som verkelege historiar og observasjonar kan gjera.

Men dette må eg vel ta på min personlege Kaizers-konto, og det er ein frustrasjon ein heilt greitt kan sila vekk når ein høyrer Violeta, Violeta vol.  II – sjølv om det nok er eit hinder for heilhjarta omfamning av sjølve prosjektet.

Maria Horvei