The Strokes - Angles
Terningkast 3

Det var det?

The Strokes har vanskar med å forklara kva som eigentleg er poenget med The Strokes på fjerdealbumet Angles.

Året var 2001, og The Strokes var over natta blitt opphøgd til rockens framtid. Med debutplata Is This It hadde dei fem gutane frå New York City drege gitarbasert musikk opp av ein sump av nu metal og brutte illusjonar, godt hjulpne av stramme riff, ein finger trygt plassert på samtidas hovudpulsåre og ein ganske fordelaktig utsjånad.

No, ti år etter, er framtida her. Den prikkar bandet på skuldra, og spør: Treng eg dykk, eigentleg? Svaret frå The Strokes kjem altså i form av fjerdeplata Angles, som i språkelege termar kanskje kan omsetjast til: Same for oss.

The Strokes har ein eigen teft for album-opnarar, og også Angles byrjar bra. Den reggaeinspirerte – og ein anelse Vampire Weekend-lydande – “Machu Picchu” viser fram rytmegitaristane Nick Valensi og Albert Hammond Jr. på sitt bortimot beste, og er sympotmatisk nok kreditert både Valensi og vokalist Julian Casablancas. Sistnevnte har nemleg løsna sitt tidlegare svært så stramme kreative grep, og Angles er eit resultat av ein uvanleg demokratisk prosess. Singelen “Under Cover Of Darkness” og tredjesporet “Two Kinds Of Happiness” følgjer opp, og spesielt tilhengjarar av tidleg Strokes vil nok nikka anerkjennande i takt til desse spora.

Etterkvart sklir diverre Angles ut i det som kjennes som eit uferdig og til tider kaotisk produkt. Frå ein trygg og sjølvsikker start endar bandet opp med å vingla mellom ulike musikalske retningar, utan at dei greier å hosta opp eit ektefølt engasjement for nokon av dei. Frå å høyrast ut som The Cars på “Taken For A Fool”, hoppar dei over til ein uorganisk bossanova-rytme på “Call Me Back”, og vidare til ein lite kledeleg Muse-pastisj på “Matabolism”. Det heile framstår så lite koherent at ein tek seg sjølv i å lengta tilbake til tida der Casablancas styrte skuta nærmast eigenhendig.

Det mest vellukka eksperimentet er faktisk “Gratisfaction”, eit djupt nikk til Thin Lizzy, der Valensi og Hammond Jr. igjen får til eit godt gitarsamspel, og Casablancas sin vokal i mindre grad enn elles på plata avslører at han slett ikkje var  i same studio som resten av bandet då albumet vart spelt inn. Også på sistesporet “Life Is Simple In The Moonlight” er det tilløp til godt spel, i alle fall om ein ser forbi den horribelt grautete vokalen.

Som svar på det betimelege spørsmålet om kva funksjon The Strokes eigentleg ynksjer å fylla i 2011, sviktar likevel Angles som album. I ein marknad der konkurransen er ein heilt annan enn for ti år sidan, verkar det som bandet har tatt alt for lett på oppgåva med å rettferdiggjera sin eigen ekstistens. Rykta om eit nytt album innan kort tid har allereie byrja å svirra, og det er berre å kryssa fingrane for at The Strokes legg ein betre strategi ved eit slikt høve.

Maria Horvei