Den Svenska Björnstammen - Ett fel närmare rett

Ei bjørneteneste

Den Svenska Björnstammen set prikken over i’en i vanvidd.

Bjørnen er kanskje ein utrydningstrua art her oppe i nord, men i fjor haust var det likevel ein aldri så liten invasjon på gong. Med den underleg fengjande radiohiten«Vart jag mig i världen vender» som rambukk, storma det åtte mann sterke kollektivet Den Svenska Björnstammen inn over grensa i aust, med fulle dansegolv og ein eim av biodynamiske gulerøtter på slep.

Når suksessen no har vorte opphav til eit heilt album, er resultatet mildt sagt sprikande. Bandet sjølv har ikkje lagt skjul på at det var andre ting enn ein felles musikalsk visjon som førte dei saman i utgangspunktet, og Ett fel närmare rett har også enda opp som eit salig samansurium av alt du kan tenkast å ha eit ambivalent forhold til her i verda: eurodisco, svensk folkemusikk, vokalharmoniar, tunge synthar, world music…  Det er som lærarrommet på ein Steinerskule, cruise i Karibien, Håkan Hellström og ein raus porsjon fleinsopp – på éin og same gong.

Lat oss ta den sjarmerande biten fyrst: «Vart jag mig i världen vender» er ein skeiv liten genistrek av ein poplåt, og andresingelen «Svalkar vinden» har, med sin skamlaust medrivande oppbyggjing, potensialet til å bli ein heilt sentral del av lydsettinga av våren 2012. Det er fordomsfritt, inkluderande og grenselaust naivt – og sjølvsagt ganske moro.

«Svalkar vinden»:

Men så har du dei spora som gjer at kvar einaste vellukka takt på resten av albumet framstår som det reine skjære lukketreff. «Indie Train» hadde skild seg ut som ein avsindig malplassert sjangerpastisj (på – du gjetta det – indie), hadde det ikkje vore for at den etter kvart vert fulgt opp av «Who’s That Girl» – ei låt som tilsynelatande har oppstått i vrakrestane av eit visst rosa helikopter, og såleis hever lista for kva som får deg til å rynke på augenbryna og ikkje med mange hakk.

Ett fel närmare rett er i det heile tatt eit særs forvirrande album – av typen som kan deg til å undra om det heile eigentleg er eit kunstprosjekt. Og det er sjølvsagt mogleg. Men ujamt er det uansett.

Maria Horvei