nrk.no
Girl in Red - «If I Could Make It Go Quiet»

Ein bortimot komplett debut

Aldri reint mørke, aldri reint pop, nesten euforisk, nesten trist.

Då Marie Ulven, kjend som Girl in Red, slapp singelen «Serotonin» i mars, tok den fleire på senga. Ikkje berre hadde Finneas (bror til Billie Eilish) ein finger med i spelet, men låten skilde seg også frå det etablerte soundet til 22-åringen.

Forskjellen på den bombastiske poplåten og lavmælte soveromsproduksjonane Ulven vanlegvis har produsert, var riktig nok ikkje heilt på nivå med å skifte frå polka til svartmetall, men likevel eit stort nok steg til at det vart lagt merke til.

Skulle ein allereie sakne soundet frå dei to føregåande EP-ane, er det ingen grunn til å fortvile heilt endå. Det er nemleg litt av det gamle og trygge også på «If I Could Make It Go Quiet». Likevel er lydbiletet generelt større, og meir prega av synths og programmerte arrangement enn på tidlegare utgjevnader.

Om singlane «Serotonin» og «Rue» er kvar sine ytterpunkt, er «If I Could Make It Go Quiet» alt imellom.

Ærleg og relaterbar

Etter tre år med hits, har Ulven bygd seg ein uvanleg tydeleg musikalsk identitet, særleg i norsk målestokk. Det er liksom aldri tvil om at det er Girl in Red, og det er få teikn til å ville modellere seg etter andre eller å skulle fronte eit uærleg image.

Avstanden mellom artisten Girl in Red og personen Marie Ulven står fram nemleg som svært kort, og denne genuiniteten er kanskje hennar aller største styrke.

Anten tema er tvangstankar, sjalusi eller einvegskjærleik, angrip ho problema med ein frustrert aksept for at dei eksisterer, framfor å fokusere på kor vondt det er for akkurat ho som opplever dei.

Girl in Red poserer og ser i kamera fremfor et motlys som etterligner en sol.
EKSPANDERER: Girl in Red lar uttrykket gå i nye retningar på debutalbumet. FOTO: Jonathan Kise.

I så måte kjenst «If I Could Make It Go Quiet» meir som eit trygt haldepunkt for alle som opplever utfordringar enn ei personleg utbretting.

Kanskje er det ikkje noko mål om å vere ein relaterbar talsperson for alle trøblete outsiders der ute, men ho står godt i rolla.

Ut av komfortsona

Albumet er co-produsert av Ulven sjølv og Matias Tellez, som nyleg vann prisen for «årets produsent 2020» under årets Spellemann. Eit interessant møte mellom ein god låtskrivar og eit skarpt øyre for kva som fungerer.

Dissonansen som oppstår når personleg mørke kombinerast med storslegne pop-produksjonar fungerer svært godt.

Spranget ut frå den etablerte komfortsona kan virke ambisiøst, men Ulven og Tellez har henta ut det beste av kvarandre. Snarare enn å kollidere, opnar dette forhåpentlegvis fleire dører til kva ein kan forvente frå Girl in Red i framtida.

Veldig heilskapleg

Viktigast av alt er jobben dei to har gjort med å produsere eit heilskapleg album.

Trass i at dei meir anonyme «Midnight Love» og «Apartment 402» druknar litt blant sterkare melodiar og meir spanande arrangement, finn dei sin naturlege plass som bindeledd heller enn å vere daudpunkt.

https://www.youtube.com/watch?v=0QwjjUlPT6I&ab_channel=NRKP3

Sjølv om denne variasjonen i låtkvalitet ikkje akkurat skadar sluttproduktet, er det den som hindrar «If I Could Make It Go Quiet» i å nå heilt opp til terningkast seks. I dette aller øvste sjiktet er også bindeledda såpass sterke låtar kvar for seg at det er ei utfordring å peike dei ut.

Men det er sanneleg ikkje så langt unna toppkarakteren.

Flyten er der heile vegen, det er ingen unødvendige sidesprang og albumet held seg alltid interessant. Det må jo vere den viktigaste kvaliteten i eit godt album.

At steget frå soverommet til arena-pop er vellukka, er heva over ein kvar tvil. Girl in Red er framleis Girl in Red, og med «If I Could Make It Go Quiet» stadfestar ho posisjonen sin som ein av landets aller mest interessante artistar.

LES FLEIRE MUSIKKOMTALAR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: