nrk.no
Sigrid - «How to let go»

Ein fryd å ta med seg vidare inn i sommaren

Sigrid forsøker kanskje ikkje å revolusjonere populærmusikken, men er forbanna god på det ho gjer.

Eit drøyt år etter at ho slapp første singel, er Sigrid Solbakk Raabe (25) endeleg klar med oppfølgaren til «Sucker punch» frå 2019.

Albumet med tittelen «How to let go» er kanskje ikkje den «How to»-guiden det titulerer seg som, men vi blir med Sigrid på drosjetur og inn i sjølvrefleksjonen i det ho gir slepp på mykje.

Anten det gjeld kompleks, dårlege relasjonar eller den akk så vanskelege kjærleiken.

Semipersonleg tematikk står likevel ikkje i vegen for at Sigrid er i det feststemte hjørnet.

Sidan sist har ho nemleg slått seg saman med den danske stjerneprodusenten Sly, som har samarbeid med mellom anna Dua Lipa, Chainsmokers og Mø.

Sigrid står på scenen, mellom hender som jubler. Hun har øynene igjen, og begge hendene til værs. Hun har på seg en lilla paljett kjole.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Først og fremst vintage Sigrid

Med suksessinglar som «Burning Bridges» og «Mirror» i banken, kan ein neppe lastast om ein fryktar at Sigrid har brent av mykje av krutet allereie før albumet er ute.

Det inntrykket kan også sitte i gjennom særleg første halvdel av albumet, men går ein albumet nærare i saumane, byr albumet på langt meir. Duoen Sigrid og Sly har eit ekstra gir.

Albumets absolutte høgdepunkt, nykomarane «Thank me later» og «A driver saved my life», er brillefine eksempel på akkurat det.

Her manar Sigrid fram det beste frå drivet til The Weeknd og Dua Lipa sitt discoflørtande musikkunivers, og køyrer det gjennom scandipop-maskineriet og hennar eigen teft for forløysande anthems.

«How to let go» står i så måte hovudsakleg i den konsertvenlege bangerens teikn, men Sigrid er fleirsidig, som vist på det ferske Bring Me The Horizon-samarbeidet «Bad Life».

Mellom basslinjer, allsangrefreng og radiohits vert det nemleg også plass til avløysarar som «Mistake Like You». Ein real power ballade, etter alle kunstens reglar, med inderleg vokal, gitarsolo og det heile.

Sigrid har på seg rød kjole og står oppå en blå, gammel bil. I bakgrunnen ser vi fjell og daler under en blå himmel med lett skydekke.
Foto: Petroleum Records, promo.

God innanfor dei gjeldande råmene

Sånn sett er kanskje ikkje det Sigrid driv med å sparke inn lukka dører, men fungerer det, så fungerer det. Å revolusjonere musikk får nokon andre gjere, så får heller Sigrid gjere det ho er god til innanfor dei gjeldande råmene i mellomtida.

I den grad «How to let go» kjenner på det album-drepande fenomenet varierande låtkvalitet, er det meir eit tilfelle av at enkeltspor står ut som svært sterke, enn at svakare låtar trekk ned heilskapen. Sjeldan vare!

Dødpunkta er i stor grad fråverande, og variasjonen bidreg til eit fordøyeleg og dramaturgisk godt album. Sigrid veit også å runde av albumet medan leiken er god, så vegen er svært kort til å snu kassetten og spele albumet på nytt når det er over.

Sigrid sitter i en sofa på P3Gull. Hun har på seg en glinsete kjole i lilla. Bak hun sitter det en jente med blondt hår og en grønn dressjakke, en jente med brunt hår og en rød topp, en jente med brunt hår og en gul kjole, og en fyr med lue og briller. Fyren har på seg en blå hawai skjorte over en hvit t-skjorte.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Éin ting må kritiserast

Når alt dette er sagt, er det likevel éin ting å direkte kritisere ved «How to let go».

For i alle dagar, Sigrid, kva er det du tenker på?

Korleis er det mogleg å skrive ein så tvers gjennom perfekt avslutningslåt som «Grow», for så å ikkje runde av albumet med den?

Den akustiske og vokalharmoniserande folk-balladen er eit så naturleg punktum at eg ved første gjennomlytt var nære på å starte albumet på nytt før eg oppdaga at det var eitt spor igjen.

Svært mild kritikk, med andre ord.

«How to let go» går kanskje i musikalske stiar ein allereie er godt kjend med, og manglar i så måte den aller siste «wow»-faktoren for å ta steget heilt opp til toppkarakter.

La uansett ikkje det stå i vegen for at denne kompakte samlinga av frigjerande og ærleg anthem-pop står fjellstøtt på eigne bein, og skal bli ein fryd å ta med seg vidare inn i sommaren.

Sigrid sitt andre album «How to let go» blir utgitt 6. mai.

LES FLEIRE ALBUMANMELDELSAR:

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: