nrk.no
Imagine Dragons - «Mercury – Act 1»

Eit feilslått forsøk på fornying

Imagine Dragons viser små teikn på at dei kan om dei vil, men går for det aller meste på tomgang.

Sidan albumet «Origins» i 2018, har det skjedd mykje i livet til Dan Reynolds, vokalist i Las Vegas-gruppa Imagine Dragons.

Etter sju månaders separasjon, snudde ei enkelt tekstmelding frå kona den bitre skilsmissa om til ei stormande nyforelsking. Samstundes såg han vener og familie miste livet til kreft og overdosar.

Gjennom eksperimentering med det hallusinogene stoffet DMT, innsåg han at det er på tide å ta eit oppgjer med indre og ytre demonar. Ikkje minst fann han ein giv for å finne opp bandet på ny, og gå inn i skriveprosessen med heilt nye auge.

På produsentsida har bandet rekruttert veteranen Rick Rubin (Red Hot Chili Peppers, Metallica, Jay-Z) til å styre det heilskaplege produktet, medan m.a. Joel Little (Lorde, Taylor Swift) er gitt kontroll over enkeltspor.

Med andre ord ligg alt til rette for at Imagine Dragons skal utforske nye sider ved seg sjølve.

Musikalsk komfortsone

Så var kanskje det å håpe på for mykje, då. Mørket, dei personlege kampane og oppvakningane som brukast til å selje inn «Mercury – Act 1», verkar sekundært. Hovudfokuset ligg tilsynelatande heller på å sikre at albumet har nok store refreng og gjennompolert instrumentering.

Og det har ein høyrt før. Mange gonger.

Arenapop-sounden har for lengst mista den slagkrafta det hadde då lydbiletet dominerte i 2012, og så mykje kunne vore forbetra om bandet berre ville ta eit ørlite steg ut av komfortsona.

Imagine Dragons på scena, med lysshow og pyroeffektar.
SAME OLD, SAME OLD: Imagine Dragons byr ikkje på særleg mykje nytt. Her på scena under iHeartRadio Music Festival i 2018. Foto: Kevin Winter/Getty Images, iHeartMedia/AFP

Prince-hyllesten «Monday» og den råare produksjonen på «Dull Knives», eller den alternative utgåva dei gav ut av hovudsingelen «Follow You» i sommar, viser at bandet med stort hell kan forsøke seg fram utan å miste seg sjølv.

Det er forfriskande å høyre Imagine Dragons slik, men diverre går bandet for det meste i sine eigne opptrakka stiar på «Mercury – Act 1».

Det er fort gjort å ønske at bandet hadde våga å stole på grunnmaterialet sitt og behandla meir av det slik dei har med dei nemnde låtane. For Imagine Dragons har ikkje eit problem med melodiar eller låtstruktur i seg sjølv.

Dei har berre tilsynelatande få måtar å pakke det inn på, og er i ferd med å bli alvorleg forutsigbare.

På bortebane tekstmessig

Vel, dei har eit problem med tekstar også, for på «Mercury – Act 1» har produsent Rick Rubin oppfordra vokalist Dan Reynolds til å vere meir direkte. Skulle i og for seg berre mangle. Albumet er jo svært personleg forankra.

Problemet er at dette heilt tydeleg ikkje er eit landskap Reynolds trivst i.

På den eine sida evner han å skrive nokså ektefølt om å sjå hans nære gå bort («Easy Come, Easy Go», «Wrecked»), men som oftast ramlar han ut i det med keitete formuleringar og hastige rim. Til å vere så ærleg, kjenst «Mercury – Act 1» oppsiktsvekkande upersonleg.

Rick Rubin poserer henslengt på ein sofa i sin eigen heim.
VETERAN: Produsent Rick Rubin står bak ei rekke enorme album, men bommar på «Mercury – Act 1». Foto: AP Photo/Damian Dovarganes.

Det er klart det er utfordrande å skrive lystig pop om mental helse, men på «Lonely» og «It’s OK» ser ein kor ille det kan gå.

Til dømes er leirbålrefrenget «It’s OK to be not okay, it’s just fine to be out of your mind» frå sistnemnde som henta ut av eit oppløftande bilete ei gamal tante har posta på Facebook.

Vi må snakke om mental helse, og det er så definitivt skrive i beste meining, men dette held ikkje.

Retningslaust og rotete

At albumet skiftar så raskt fram og attende mellom dei upbeat, naive låtane og typiske Imagine Dragons-overdramatikken, gjer ingenting for lyttaropplevinga. Idéen med at oddetalsspora er mørke og partalslåtene meir lystige, er interessant, men dei konstante skifta fungerer ikkje i praksis.

Kontrastar kan vere eit effektivt verkemiddel, men det fordrar at dei er motiverte og brukt for å forsterke dei to ulike sidene. Her stykkar dei heller opp flyten og hindrar albumet i å ha ein ordentleg dramaturgi.

Låtsamansettinga kjenst tilfeldig og sprikande, og ingen er der til å samle trådane.

Ein må kunne forvente meir når eitt av verdas største band, med ein av historias største produsentar, set saman eit album. Særleg når bandet ifølgje seg sjølv hadde over 100 låtar å velje mellom.

Slitasjeskadar

Når alt kjem til alt, er det lov å spørje seg kor mykje fornying Imagine Dragons eigentleg har vore gjennom. «Mercury – Act 1» har sine lyspunkt og gode idéar her og der, men for det meste resirkulerer bandet dei same idéane dei har hatt i ni år.

Ni suksessrike år, skal seiast, og det kan hevdast at ein ikkje skal gjere endringar på eit vinnarlag. Likevel er vi komne til eit punkt der «Mercury – Act 1» luktar så sterkt av stagnasjon at sjølv vinnarlaget til Imagine Dragons må kjenne på alvorlege slitasjeskadar.

Det skal vere så mykje interessant i tematikken, både kreativt og emosjonelt, å bygge eit album rundt, men diverre endar vi heller med noko vi allereie har høyrt til det kjedsommelege.

LES FLEIRE OMTALAR: