nrk.no
dePresno - «Places»

Eit trygt lydspor til livet

Låtskrivaren dePresno briljerer på «Places», men det er enno litt att før albumet får klassikarstempel.

Medan livet har stått stille for dei fleste av oss, har det vore eit innhaldsrikt halvår for Bjarte Depresno Borthen (24). I vinter medverka han i programserien «De Neste» på NRK1. Der vart han introdusert for det norske folk som ein artist folk kan forvente seg å høyre meir frå i framtida.

Attmed dette har han sleppt ei rekke singlar i oppbygginga til hans tredje studioalbum, «Places».

Stader kan vere så mangt, og sjølv om det refererast til både fiktive Bitter Street, månen og Nordnes i Bergen i songtitlane, er dette mest som ankerpunkt for anekdotar og ulike sinnstilstandar.

For «Places» er meir ei blottlegging av kjenslelivet til dePresno enn det er noko geografitime.

Gir soundet ein folk-vri

Samanlikna med dei to føregåande albuma, «Monochrome» og «Technicolor», er dei soundmessige trådane på «Places» meir samla og dedikert til eit gjennomgåande organisk lydbilete. Færre skarpe Fender-gitarar og programmerte arrangement, meir piano og atmosfære.

Ikkje så overraskande når dePresno har skrive albumet i Nashville – countryens uoffisielle hovudstad.

https://www.youtube.com/watch?v=nQhkR4i06BQ&ab_channel=NRKP3

Nashville til trass, dette er ikkje dePresno med cowboyhatt og ridebukser.

Det er litt av det kjende her også, som vist på singelen «Church», og albumet som heilskap tar heller aldri steget heilt over i americana. Om noko, er det ei folk- og countryinspirert utgåve av dePresno-soundet vi høyrer.

Den sobre og melankolske innfallsvinkelen legg godt til rette for dePresno si djupe røyst og gir eit godt grunnlag for tekstuniverset. Det passar seg liksom litt betre med slide gitar når ein verkeleg skal vere sur og sjølvmedlidande.

Kunne utfordra meir

DePresno finn ikkje opp krutet på nytt med «Places», men på storparten av albumet briljerer han på den musikalske heimebana, og viser heilt klare prov på kvar anerkjenninga for låtskrivarevnene kjem frå.

Det er til dømes enkelt å la seg treffe når «Bitter St.» tar opp kampen med The Radio Dept. sin «I Wanted You to Feel the Same» om å vere den mest sentimentale og smålege breakup-låten i pop-historia, og «Fernwood Drive» omkransar seg i pianodriven dramatikk som sender tankane rett til 2000-tals Radiohead.

DOKUMENTERTE PROSESSEN: Innspelinga av «Places» enda med ein minidokumentar.

Når evnene og musikaliteten så openbert er der, er det ikkje heilt urimeleg å etterlyse at det vert tatt større sjansar på å gi eigenart til albumets meir anonyme spor. I fleire tilfelle markerer nemleg låtane seg langt meir gjennom gode tekstar enn av kor spanande dei høyrast ut.

På eit album der samspelet mellom tekst og komposisjon elles verkar så gjennomarbeidd, vert unntaka tydelege.

Dette gjeld særleg midtvegs i albumet. Etter ein god start, mistar «Places» momentet og treng tid til å bygge seg opp att til avslutninga. Frå «Alton Towers» til og med «Nashville» glir albumet forbi, utan å gi motstand og utan å eigentleg feste seg i særleg grad.

Bjarte de Presno Borthen sitter på en benk i et studio og ser rett i kamera. Han har hvit, lang skjorte på og sort jakke over. Bildet er et pressfoto til tv-programmet De neste.
BRETTAR UT: dePresno let lyttaren kome tett på kjenslelivet hans på «Places». Her frå promoteringa av De Neste på NRK1. Foto: Vegard Breie

Transportetappen hindrar ein ikkje i å nyte albumet, men ein skulle ynskt desse spora utfordra meir, slik at albumet kunne innfridd potensialet sitt.

Ikkje berre ein av dei neste

«Places» byr på fleire høgdepunkt, og ikkje minst framhevar det tekstforfattaren Bjarte Depresno Borthen. Det er tøft å vere så open og ærleg, og møtet med personen bak artistnamnet kjenst autentisk.

Det er ingenting som står i vegen for «Places» som eit fullgodt lydspor til gode dagar i parken, dårlege dagar i regnet eller berre til livet generelt, men det er endå litt å gå på for at eg med godt samvit skal kunne stemple albumet som ein udiskutabel klassikar.

Kanskje vart han «berre» kalla ein av dei neste på NRK1 i vinter, men toppane på «Places» får meg til å tenke at dePresno allereie er blant dei betre.

Les historia om korleis ein broten avtale blei starten på musikkarrieren til dePresno.

LES FLEIRE OMTALAR:

Siste fra P3.no: