Den Svenska Björnstammen - Jaeger, by:Larm 2012
Terningkast 4

Full fest i skogen

Den Svenska Björnstammen utløyste eit heftig bassgjøgleri på Jaeger i kveld.

Det tok to  minutt før fela var tatt fram. To til, og bassnivået var så høgt at du kunne sjå adamsepla dirra rundt deg. Etter ti minutt var det fyrste forsøket på stagediving gjennomført, og etter femten… Pokker heller, de skjønner greia.

I det som alltid har vore, og alltid vil vera, eit fullstendig idiotisk konsertlokale, gjorde Den Svenske Björnstammen i kveld alt som sto i deira makt – og kanskje endå litt til – for å gjera by:Larm om til ein fest av russebusske dimensjonar.

Radiohiten «Vart jag mig i världen vender» har kasta det seks mann sterke kollektivet rett inn i armane på eit overstadig entusiastisk publikum, og det er nesten så ein mistenker at det heile skjedde på eit tidspunkt der dei involverte berre hadde eit vagt bilete av kva det eigentlig vil sei å vera musikar. Løysinga, kan det sjå ut til, har vore å slengja alt som verkar det minste artig inn i miksen (jf. fyrste avsnitt, og pluss på artige t-skjorter). I kjellaren på Jaeger eksploderer følgjeleg Den Svenska Björnstammen i eit hyperaktivt bassgjøgleri, og vert ein utløysande faktor for fleire tilfelle av intim kroppskontakt mellom komplett framade enn det som strengt tatt er anstendig.

Det heile er sjølvsagt fullstendig tullete. Men det er også ganske moro – og ikkje minst befriande naivt. Pass opp for bjørnar i våren som kjem.