King Midas - Snow (låt)

Gyllen snø

Eit heilt uimotståeleg riff og varme trommerytmer er starten på comebacket til King Midas. Så blir det betre.

King Midas har vore stille, nesten skjult, i seks år. Ifølgje pressemeldinga har dei brukt desse åra på tusenvis av timar i studio, og perfeksjonert sin moderne blues. Resultatet er «Snow».

Høyr låta her. Anmeldelsen held fram under.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=3tRYCC_f9VY]

 

Ei klassisk tolking av blues-sjangeren er «Snow» i alle fall ikkje. King Midas leikar seg med rytmar frå åtti-talet, indie-vokal frå tidleg på 00-talet, og litt world-musikk i grunnen for det heile. Og blandinga er fantastisk.

Bandet som tidlegare har eksperimentert med både psychedelia og glam har lagt meir fokus på rytmen og den geniale melodien i «Snow».

Høyr låtpremiere på p3.no: Atter ein konge

Snøen er ikkje gul, den er gyllen. Etter kort tid har King Midas fanga deg med «Snow», og dei nektar å sleppa taket før ei lita stund etter siste akkord.

Seks år er brukt godt, om ein skal dømma etter første smakebit. Spenninga ligg i oppfølginga, og om King Midas no kan bryta ut av undergrunnen. Held det fram slik, er det godt mogleg.

Anders Veberg