Hilde Marie Kjersem - by:Larm, Samfunnssalen

Kjærkomen Kjersem

Hilde Marie Kjersem er ein av Noregs mest spanande vokalistar for tida, noko som delvis når ut til by:Larm-publikummet.

Med fortid frå jazzmiljøet har  Hilde Maria Kjersem allereie mange års fartstid som profesjonell musikar bak seg. Mange fekk likevel fyrst auga opp for songaren då soloplata A Killer For That Ache kom ut i 2008. På årets by:Larm kom ho med eit nytt, nesten klart album i instrumentbagen – eit album som ikkje teiknar til å stilla seg i skuggen av sin nydelege forgjengar.

Med  seg i Samfunnssalen hadde Kjersem eit stillferdig glitrande band, som hjalp ho med å mana ho fram eit stemningsfylt musikalsk landskap. Det kling framleis av jazz i stemmeføringa hennar, men her vert det teke lange skritt på tvers av sjangrane, frå melodiøs pop til britisk folk. Ein drivande vakker framføring av «Let´s let go» frå den komane plata vert eitt av konsertens høgdepunkt.

Laurdags kveld er ei vanskeleg tid å skulle fanga publikum med såpass subtile midlar. Kjersems nett var nok vevd med litt for mange hol til at ho heilt greidde å dra publikum inntil seg på denne by:Larm-konserten, men dei som vart fanga fekk eit kjærkoment innblikk i kva som er å venta frå ei av Noregs aller mest spanande vokalister for tida.

Maria Horvei