Hilde Marie Kjersem - Let's Let Go

Kontrollert om å gje slepp

Hilde Marie Kjersem er ein artist det kjennes naturleg å stille høge krav til, og hennar andre soloalbum Let’s Let Go innfrir nesten.

I 2008 tok Hilde Marie Kjersem steget ut frå jazzbåsen, ut i eit opnare og meir variert musikalsk landskap, med solodebuten A Killer For That Ache. No er oppfølgaren her, den reinspikka samlivsbruddplata Let’s Let Go.

Forvent deg likevel ikkje eit pulserande, opprive hjarte av eit album; dette er ei ytst gjennomtenkt og avbalansert handtering av ei livskrise, der smerten har gått gjennom eit fint filter og blitt smakfullt orkestrert før den piplar ut gjennom høgtalaren. Kjersem gjer ikkje slepp plata – ho har allereie løsna grepet, og gjenfortel dette så til lyttareren. Det musikalske utfallet er vellukka, om enn noko einsformig.

Tittelsporet opnar albumet, og er eit nydeleg bevis på at radiovennleg ikkje treng å bety kompromiss. Medan popen tidlegare har vore eitt av fleire namn i Kjersems lille svarte bok, er dei to no i ferd med å etablera eit fast forhold. At dette er ein god plan, høyrer ein på låtar som elegante «Husbands And Wives» og den slentrande «Moses», låtar som sender tankane til melodismedar som Magnet og Feist. Arrangementa framhevar eit dyktig sett med musikarar, som uanstrengt følgjer med på Kjersems utprøving av sine eigne musikalske rammer.

Men sjølv om sjangeroverskridande er eit mykje brukt adjektiv når det er snakk om Kjersems musikk, er ikkje Let’s Let Go ei utprega dynamisk plate. Spennet dei tolv spora imellom kan verka noko stramt, spesielt sidan Kjersem sjølv underspeler sin fantastiske styrke som vokalist. Resultatet er eit album som så å sei aldri er dårleg, men som stundom er kjedeleg. Og det er ikkje ein merkelapp det skal vera nødvendig å festa ved ein musikar som Hilde Marie Kjersem.

Maria Horvei