Kaveh - Urørtscena, by:Larm 2012

Med hjartet på rette staden

17 år gamle Kaveh går i Envys fotspor, og viser seg fram som ein vanvittig lovande liveartist på Urørtscena.

Torsdag kveld byrja ryktene å spre seg: Kaveh hadde drept det på John Dee (kjeldene sitt uttrykk, ikkje mitt). Den framleis ikkje myndige rapparen frå Grünerløkka har ligge å vaka i undergrunnen ei stund allereie, men no kunne det altså sjå ut som han hadde kasta seg opp på eigne hip hop-bein ein gong for alle.

Etter by:Larm-konsert nummer to, er det lite anna å gjera enn å skriva under på Kavehs livetalent. Foran eit nokså beskjedent, men desto meir dedikert, publikum på Urørtscena på Internasjonalen, gjorde han eit så til dei grader energisk, humørfylt og skamlaust breialt show, at sjølv den mest utslitne bylarmar ikkje kunne gjera anna enn å ropa «KA-VEH!» kvar gong instruksen kom.

Kunsstykket ligg i korleis han er fullstendig inne i det han gjer, samstundes som kontakta med dei i salen vert halde i eit jerngrep. På same måte som fjorårets hip hop-snakkis, Envy, ligg utfordringa no i å byggja opp ein sterk og original katalog. Men om det skulle vera nokon tvil: konserten hans i Nokia-teltet kl. 23.00 i kveld er med dette anbefalt.