No kjem «nye» MTV

Den amerikanske nettsida Vevo planlegg ny storsatsing. Samstundes kan det virka som dei tek eit langt steg tilbake til 80-talet.

Under SXSW-festivalen i Austin, Texas presenterte Vevo sitt nye prosjekt. Ei strøymeteneste med fastsette program styrt av menneskjer, som sender 24 timar i døgnet.

Vevo har allereie hovudfokus på musikkvideoar, og vil halda fram med dette i si nye, direktesendte satsing.

Ikkje i Noreg

Dei som no hoppar i taket for comebacket til musikk-TV, må likevel smørja seg med tålmod. Førebels er ikkje Vevo tilgjengeleg i Noreg, og det er ikkje fastsett nokon dato for når tenesta blir tilgjengeleg. Det er heller ikkje mogleg å nytta seg av snarvegar som Media Hint for å få tilgang til Vevo.

Ifølgje nettsida du blir ført til ved å gå inn på Vevo, jobbar dei hardt for å spreia videoane sine til heile verda.

Likevel kan det sjå ut til at vegen er lang. Vevo er styrt av Sony Music, og ifølgje dei er det lite som tyder på at tenesta kjem til Noreg med det første.

– Vevo er ikkje planlagd i Noreg førebels, og me det verkar ikkje som dei planlegg nokon storsatsing mot Skandinavia, seier Jan Henrik Ohme, kommunikasjonssjef i Sony Music Norway.

Han legg til at den komande tenesta til Vevo vil bli lansert i Canada og USA som ei ikkje-interaktiv teneste der programmet er fastsett på førehand. Brukarane får likevel moglegheit til å markera at dei likar eit program dei vil sjå att seinare.

Slutta med musikk

Modellen Vevo har lagt fram er lik det originale MTV, der presentasjon av ny musikk var hovudmålet. MTV sjølv har for lengst lagt musikkvideoen bak seg, noko som vekte harmen hjå mange.

– Dei som ser på kanalen i dag refererer ikkje til MTV som ein musikkanal, sa marknadssjef i MTV Tina Exarhos i 2010.

No vil kanskje dei sinte stemmene stilna, dersom prosjektet til Vevo blir ein realitet.

Les meir om MTV på p3.no