Agnes Obel - by:Larm, John Dee

Nobel Obel

Eit klokt val av samarbeidspartnar løftar Agnes Obel sin konsert på by:Larm.

Agnes Obel, det danske stjerneskotet som sirla inn på musikkhimmelen med debutplata Philharmonics i 2010, inntok John Dee med seg sjølv, eit el-piano og cellist Anne Ostsee i kveld. Og sjølv om albumtittelen kan framstå som litt ironisk, med tanke på at dette har vore eit einkvinnesprosjekt frå fyrste til siste tangentanslag, herska det inga tvil om at det var samspelet mellom dei to på scena som løfta denne by:Larm-konserten opp frå det forgløymelege.

Obels musikalske landskap er eit asketisk eitt, der stemma og pianoet er omdreiningspunktet for lavmælte, men vakre, melodiar. Ostsees glitrande cellospel og andrestemme var likevel eit ikkje berre komplimenterande, men også bærande element for den korte konserten. At mykje av samspelet tydelegbaserte seg på gehør og kommunikasjon undervegs, vitnar òg om eit spanande musikalsk samarbeid.

Utan at det nødvendigvis stiller hovudpersonen sjølv i dårleg lys: Stemma hennar er nydeleg, og låtmaterialet, som fort kunne falt gjennom i ein såpass ukonsentrert samanheng som by:Larm, held seg stort sett på den riktige sida av engasjerande. Referansane spenner frå klassisk, som på den instrumentale åpningsmelodien, til trillande popmusikk, som på «Just So», låta som vart plukka opp av gigantselskapet Deutsche Telekom til å reklamera for deira tenester.

Som scenepersonlegdom har Obel framleis ein del å gå på, sjølv om dei fleste i salen såg ut til å vera nøgd med å få høyra at Team Antonsen er årsaken til at ho no aldri snakkar dansk til eit norsk publikum. Uansett språk er framtoninga nokså keitete, og heilt komfortabel er artisten fyrst når ho kan la melodiane snakka for seg sjølv. Høgdepunktet kom mot slutten, då vilja til å leika seg med melodiane vann fram og dynamikken braut igjennom. Klapp på skuldra til John Dee for flott lyd, sjølv om eit akustisk piano og eit rolegare lokale – som til dømes Jakob Kirke, der ho spelte sin fyrste konsert – heilt sikkert ville heva opplevinga ytterlegare.