Phosphorescent - Muchacho

Ørkenhyl

Matthew Houck har hatt godt av to sorgtunge år i Mexico – dei siste tårene er gylne, og dei kallast Muchacho.

Då Phosphorescent starta i 2001, var det berre Matthew Houck med eit artistnamn. Etter kvart som den litt særeigne, skitne og slepne countryen tok form, gjorde og resten av gruppa det. Han er framleis hovudpersonen, men backingbandet har no same rolla for Houck som Crazy Horse har for Neil Young – dei er der når han treng dei.

Phosphorescent får nesten full pott på sitt nyaste album.
Phosphorescent får nesten full pott på sitt nyaste album. (Foto: Promo)

Behovet for gode vener var vel aldri større for Houck enn i slutten av 2010, då blant anna ein lang og tung turné hadde ført til slutten på eit forhold. Men i staden for å drikka meir med nære vener, reiste Matthew Houck på første fly til Mexico, der han budde åleine i nær to år. Der fekk han fokusert på låtskrivinga, og fullført dei sangane som tidlegare berre var strofar. Det fokuset, og dei personlege problema Houck kom seg gjennom ved å skriva musikk, har ført til ei nær bunnsolid plate frå Phosphorescent.

Les og: Best akkurat no

Muchacho er heilt fin frå starten. Den stillferdige, seremonielle opningslåta «Sun, Arise!» legg løypa for eit album fylt av ørkenscener, einsemd og skjulte tårer frå ein beinhard cowboy. Singelen frå albumet, «Song for Zula», tek direkte for seg brotet med den gamle kjærasten. «Some say love is a burning thing, that it makes a fiery ring. Oh, but I know love as a fading thing, just fickle as a feather in a string».

«Song For Zula»

 

Vakker lyrikk presentert av Matthew Houck si sjarmerande, skranglande stemme er nok til å trekka fram det tomme blikket, der eg sit med djup sympati for den stakkars mannen som har fått seg ein på trynet av den svikefulle kjærleiken.

Det er likevel først på «The Quotidian Beasts» at Muchacho viser seg frå si aller beste side. Med desperate hyl, som ein præriehund på ei kald natt, ristar Houck av seg den siste motgangen, og ser mot soloppgangen på ein ny dag. Det er hyla, saman med fantastisk backing frå resten av Phosphorescent, som manar fram så kraftig gåsehud at det er ikkje heilt lett å gå rett framover.

Eg vart – bokstaveleg talt – mo i knærne. Ei liknande kjensle dukka opp tidlegare, då Houck og gjengen trykker til litt ekstra på «A Charm/A Blade». Der kjem E Street Band-taktene som dominerte deler av den førre plata, Here’s To Taking It Easy, fram på nytt.

Det er likevel ikkje heile plata som gir denne kjensla. Nokre sangar har nær motsatt effekt. Når stålgitaren slentrar seg inn på den lille ørkenflekken i «Down To Go» og «Terror In The Canyons», der Houck jamrar om sorgen sin, blir flekken gjort om til eit vanleg studio, der så mange såre countrymenn har levert den same, såre visa før. Stålgitar er fint det, og låtene er for seg sjølv flotte historiar dei og. Det passar berre ikkje inn, og tek eit ukomfortabelt steg til venstre frå den nær perfekte stien Muchacho som oftast går på.

Magien Phosphorescent vil levera med Muchacho er der, men den er skjør. Det er lite som skal til før du blir dradd ut av illusjonen Houck har bygd opp rundt deg, men tida i bobla er god.

Hadde dei berre tona ned stålgitaren eit par hakk, hadde Muchacho fått full pott. Men Phosphorescent si siste plate er meir enn god nok for ein cabriolet som køyrer i full fart inn i solnedgangen og flyktar frå vonde minner. For det er i denne bilen du sit, saman med Matthew Houck, på Muchacho.

Anders Veberg