John Olav Nilsen & Gjengen - Det nærmeste du kommer

På kloss hold

John Olav Nilsen & Gjengen er klare for runde to. Og godt er det.

2009 var året John Olav Nilsen flaug inn i den norske musikkmanesjen. Ein litt skadeskutt fugl med flakkande blikk, gjengen sin i ryggen og eit arsenal av låtar som fekk sjølv dei verste gribbane til å løfta på blikket. Loddefjord var plutseleg ikkje så langt vekke frå landets største konsertarenaer lenger, og bergensdialekt var ikkje så usmakeleg som alle ville ha det til. Det dysfunksjonelle byrja brått å fungera igjen.

Det er eigentleg ikkje gått så lang tid, men no er dei her altså igjen. Me bør alle slå eit slag for å ikkje tyna uttrykket «den vanskelege andreplata» meir enn det som allereie er gjort, men faktum er at John Olav Nilsen & Gjengen har hatt ganske formidable forventningar å innfri. Med Det nærmeste du kommer kan det heldigvis virka som dei har gjort det einaste riktige: Ikkje tenkt så mykje på akkurat det.

Medan fyrsteplata For sant til å være godt var eit nokså respektlaust overflodshorn av ei plate, framstår Det nærmeste du kommer meir gjennomtenkt, meir neddempa – og kanskje mindre slåande. Frakken er knappa tettare i halsen – det sluttar trass alt aldri å regna i Bergen – og Nilsen verkar mindre overmodig og ein smule meir innbitt. Ryggraden er likevel den same.

Etter eit par gjennomlyttingar har du «Klokkene» og «To  hestehoder» delvis under huda, medan du i neste omgang kanskje får med deg «Det har aldri føltes mere riktig å ta feil» og «Svarte sko». Alt ettersom, sjølvsagt – poenget er at låtane når fram til deg, før eller seinare. Tekstlinjene vekslar mellom det smått banale og det gatepoetisk geniale, medan Gjengen backar opp med tilsvarande varierande grad av raffinement. Musikalske referansar hentar dei stort sett frå engelsk 80-tal – noko som er fullt forståeleg for alle som nokon gong har besøkt Loddefjord. Alle desse faktorane kulminerer i nevnte «Klokkene», som stikk seg ut som platas høgdepunkt.

Yngve L. Sætre sin produksjon ligg som lite anna enn ei tynn hinne over låtane. Kombinert med ein vokal som avslører akkurat kor mange sigarettar som er blitt røyka sidan sist, og tekstar som spyttar ut den eine ubehagelege sanninga etter den andre, gjer dette at plata verkeleg lever opp til tittelen sin: Du kjenner deg svært nær John Olav Nilsen & Gjengen etter ei stund.

«Eg vet at eg skal leve lenger, lenger enn kroppene våre», syng Nilsen på avslutningslåta. Det gjenstår å sjå i kor mange betydingar dette er sant, men Det nærmeste du kommer er i alle tilfelle ei plate du kan leve veldig godt med.

Maria Horvei