PJ Harvey - Let England Shake

PJ for president

PJ Harvey er tilbake med eit album dynka i rustenraudt blod frå slagmarka. Og for eit album det er.

Det siste me høyrte frå soloartisten Polly Jean Harvey, var albumet White Chalk frå 2007. Her bytta ho ut gitaren med pianoet, og la grunnlaget for nokre fantastiske konsertopplevingar – seansen i Operaen i 2008 vil nok seint gå i gløymeboka til dei som var der. Med si siste innspeling har den musikalske karriera til Harvey teke ei ny vending. Blikket er ikkje lenger fiksert på sjølvet, slik det i stor grad har vore i hennar tidlegare arbeid, men stirrar istaden intenst på den forkrøpla verda artisten befinn seg i. Og resultatet? Det er strålande.

Let England Shake må nesten reknast for eit konseptalbum å vera. For det handlar om krig, frå fyrste til siste spor. Harvey tek oss med gjennom eit landskap bestrødd av lemlesta og livlause kroppar, der størkna blod frå fyrste verdskrig igjen vert fuktig av blodet til soldater som har mista livet i Afghanistan.  I skuggane skjuler storpolitikken seg, medan den menneskelege lidinga, dei unge enkene, desperasjonen og heimlengselen står ute  i grellt dagslys.

Tonen vert umiddelbart slått an av åpningssporet «Let England Shake». Musikalsk trekk det inn eit vidt spekter av referansar, frå engelsk folk til amerikansk minstrel, medan Harveys profetiske røst spår at «England’s dancing days are done». I samme andedrag vert ein ung soldat sendt ut til fronten – ein soldat me stadig møter igjen seinare i albumet, enten han prøver å gløyme kva han har sett og gjort i «The Words That Maketh Murder», eller stirrar ut over det aude ingenmannslandet i «Hanging In The Wire». I den uforståeleg vakre «In The Dark Places» ser han tilbake på dei som kom tilbake, og dei som ikkje gjorde det.

PJ Harvey sett med Let England Shake spørsmålstegn ved kva det vil sei å vera engelsk. Det heroiske og edle ved å døy for fedrelandet vert kontrastert med den brutale røynda ein møter på slagmarka. «Godamn Europeans! Take me back to England and the grey filthiness of ages», syng ho på det suverene andresporet «The Last Living Rose», medan ho i «The Glourious Land» slår fast at heimlandet er tufta på marsjerande føtter og foreldrelause born. Imperietida, det tjuande hundreåret og notida vert trekt inn i ein sirkel, der den nasjonale sjølvkjensla stadig støter på dei same utfordringane.

«The Last Living Rose»:

Albumet er spelt inn live i ei kyrkje i Dorset, med PJ Harveys faste makkerar John Parish, Mick Harvey og Flood med på laget. I sitt musikalske uttrykk er Harvey friare og meir ledig enn nokonsinne, og arrangementa er stemningsskapande, utfordrande og heilstøpte. Folkpreget heldt taket gjennom heile albumet, med ei dronande autoharpe og ein vokal i ytste register som gjengangarar, medan tekstane er konsekvent sylskarpe. Det heile er brutalt og raffinert på same tid, og av dei tolv spora er det ikkje eitt utan ein klar funksjon i heilskapen.

Let England Shake er PJ Harvey på sitt aller beste. Det er tidlaust, vakkert og gjennomført, frå fyrste til siste trommeslag.

Maria Horvei