Rihanna - Oslo Spektrum

Rihannas våte draum

Du vert ikkje ei av verdas største popstjerner utan at du veit å spela på dei rette strengane. Det beviste Rihanna i Oslo Spektrum.

Det er noko heilt eige med Rihanna. Du kan jaga ho vekk frå kornåkeren din. Du kan klaga over at bidraga hennar til kvinnekampen har vore lite konstruktive. Men katalogen hennar har du ikkje ein dritt på. 23-åringen frå Barbados har i løpet av nokre ganske så få år som plateartist opparbeida seg eit rulleblad av hits som er få forunt, og forventingane til konserten hennar i Oslo Spektrum sundag kveld var deretter.

Ho går, breialt nok, på til «Only Girl (In The World)». Omringa av dansarar i kostymer som ville gjort dei garderobeansvarlege på NRK Super stolte, sender ho så å seie samtlege av lokalets hender (og omtrent halvparten så mange mobilkamera) i vêret. Settet går rett over i ein knallsterk «Disturbia», og med det er lista for resten av kvelden er satt.

Og det er ikkje ein dårleg innsats som vert gjort for å halda nivået oppe. Hitlåtane formeleg regnar over publikum (sjølv om sistesingelen «We Found Love» vart overlatt til oppvarmingsartisten Calvin Harris), framført med eit tidvis imponerande driv, og dertil passande scenshow. Antrekk går av og på (mest av, eigentleg), medan storskjermar og eit litt for anonymt band dekker over sceneskifta.Hovudpersonen sjølv er sexy på grensa til det parodiske – spesielt med tanke på at store delar av salen er godt under den seksuelle lågalderen – men ein skjønnar vel knapt nok at ein er på Rihanna-konsert før ein kjenner eimen av kroppsvæsker. Så er det berre å håpa at jenta som vart plukka som masturbasjonspartner på «Skin» tenker det same.

Rihanna er ikkje nokon Beyoncé, men ho er heldigvis ingen Katy Perry heller. Stemma, som fort vert framheva som hennar største svakheit, fungerar jamt over godt, ikkje minst i dei rolege partia. «Man Down» er også live ein av hennar beste låtar, og også den temmeleg slappe singelen «California King Bed» skapar eit overraskande sterkt live-augeblikk. Eit par-tre dødpunkt dukkar riktignok opp under vegs, men dei varar heldigvis ikkje så mykje lenger enn dei ytste laga av hovudpersonens sceneantrekk.

«What´s My Name» vert nok eit seint høgdepunkt, etterfulgt av ein noko meir anstrengt «Rude Boy». Når «Don´t Stop The Music» brått stoppar, og publikum etter halvanna time finn ut at det er på tide å heia fram ekstranummer, er det berre ein kjapp sjarmøretappe igjen: «Love The Way You Lie» løftar om ikkje stemninga, så i alle fall Rihanna, eit piano og ein pianist i taket, medan ein ørlite slapp «Umbrella» ikkje uventa får æra av å avslutta det heile.

Det er ikkje ein overdriven personleg konsert Rihanna-maskineriet serverer Oslopublikummet. Men det var vel heller ikkje der forventingane låg for dei fleste. Rihanna viser at ho er akkurat så rå, så velregissert og så sexy som me hadde mistanke om. Og det er ikkje langt frå imponerande.

Maria Horvei

Grunna ei uakseptabel fotokontrakt har me ikkje sett det som mogleg å ta bilete frå kveldens konsert. Biletet som er brukt er frå hennar konsert i Bergen tidlegare i år.