Sir Elton til Spektrum

Han med dei storslagne brillene og tidlause klassikarane skal fylla betongklossen i Oslo 14. desember.

Sir Elton John står bak låter som «Your Song», «Rocket Man», «Tiny Dancer» og ikkje minst «Can You Feel The Love Tonight», som var med på å sikra han ein Oscar. No kjem han tilbake til Oslo Spektrum for første gong sidan 2010, då han var her med Ray Cooper.

Denne gongen har han ikkje med seg Cooper, men eit heilt band.

Sir Elton

Melodisnekkaren som gjennom fire tiår har jobba tett med tekstforfattar Bernie Taupin for å skapa sine udødelege album, er ein av tidenes mest suksessfulle artistar med over 250 millionar solgte album. I 1996 vart han krona til ridder, og vart difor Sir Elton John.

Blant dei mest klassiske albuma han har gitt ut er Goodbye Yellow Brick Road, som toppa hitlister både i Europa og Amerika, og etablerte Sir Elton John som ei glamstjerne.

No kjem han til Norge for å spela i Oslo Spektrum, og billettsalet startar allereie 18. mars kl. 09.00 på livenation.no, billettservice.no og oslospektrum.no

Sjå Elton John spela live saman med Billy Joel her. Joel blir nok ikkje med til Spektrum, men det er kanskje lov å håpa?

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=RH0EKivFRFY]