nrk.no
Brenn - «Vandrer på solskinn»

Sjølvbevisste og kule idiotar

Andrealbumet til Brenn er det naturlege steget vidare i skildringa av å vere ung og frustrert.

Ei sterk rekke singlar, hype, Roskilde, Øyafestivalen og etterfølgande gjetord om eit strålande liveband. Allereie før debutalbumet «Elsker» kom ut i 2019, hadde Brenn oppnådd meir enn det dei fleste andre band klarer i løpet av ei karriere. Då var det berre passande at duoen vann Spellemannprisen i rock då albumet først kom.

Ein tøff standard å leve opp til, men Rémy Malchère Pettersen og Edvard Smith Save ser ikkje ut til å bukke under for presset. Ei ny rekke av imponerande singlar gav dei plass som eitt av få band på Øya-erstattaren Øya Presenterer sommaren 2021, og med endå eit solid album under beltet, anar ein konturane av at historia repeterer seg sjølv.

Det naturlege steget vidare

Utover å hente albumtittelen fritt etter Katrina & The Waves sin eviggrøne monsterhit, har Brenn i 2022 lite til felles med den britiske Eurovision-vinnaren. For medan dei held seg tru til seg sjølve, og ligg i det same sporet som sist vi høyrde frå dei i albumformat, tar dei det naturlege steget vidare i modningsprosessen.

For eit band som modellerer musikken etter korleis den vil fungere live, er det forståeleg at dei siste åra har vore frustrerande. Det har dei vore for alle, men duoen ein møter på «Vandrer på solskinn» sit openbert på mykje ibuande og uforløyst energi.

INTENSITET: Brenn på Øya Presenterer 2021. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

No tar bandet riktig nok ein ganske fet kickflip over all pandemi-relatert prat, og lar andre frustrasjonar prege tekstuniverset, men «Vandrer på solskinn» er prega av meir støy og intensitet enn det bandet har levert tidlegare.

Utan at dette nødvendigvis gjer bandet til ei mindre tilgjengeleg utgåve av seg sjølve. Litt råskap må ein finne seg i, og at dei jamt over tillét seg å låte skittent eller «off-beat», er meir forfriskande enn det er i vegen. Dette kunne faktisk blitt litt kjedeleg eller generisk i lengda om ikkje Brenn var så kompromisslause som dei er.

Kul og dum

Den tekstlege oppskrifta er i stor grad ei som har fungert for mange unge rockeband sidan ’90-talet. Det lite jålete portrettet av å omfamne både rolla som komplett dust og ganske kul, alt etter kven ein spør.

Og Brenn står godt i rolla som desse eigentleg litt kule idiotane, med alle sine feil. Desse som er like opptekne av å lausrive seg frå alle andre og deira meiningar, som dei er opptekne av alle andre, deira feil og meiningane deira.

Som på singelen «Gi meg litt fred»: Erkjenninga av eigne skavankar alltid til stades, men også irritasjonen over å oppleve omverda som lite imøtegåande. Det er menneskeleg å vere litt sjølvsentrert.

Sjølvbevisst usikkerheit og identitetsdanning, hand i hand, med andre ord.

«Vandrer på solskinn» er i så måte eit album for alle som treng ei utblåsing, eller som kjenner seg aleine i all frustrasjonen dei fleste eigentleg står i. Brenn leitar ikkje etter noko større, men leverer eit knippe låtar alle unge utilfredse snart kan skrike med på live. Og det er nok vel så bra, for det er dét albumet først og fremst verkar meint for.

Eksempel på at klisjéen ikkje stemmer

Det kan nesten virke obligatorisk for oss i musikkpressa å alltid skulle diskutere klisjéar som at rocken er daud kvar gong det er snakk om Brenn. Denne breipensla påstanden er så overbrukt at den vert meir meiningslaus for kvar gong vi tyr til den.

For ja, rockete rockegreier, som tronge skinnbukser og galopperande heavy-riffing, er nok ei daud greie, men er det uansett representativt for det Brenn driv med? Eller andre tilsvarande band? På ingen måte.

Det vert meir korrekt å vise til Brenn som eit glødande eksempel på at alle slike imageproblem sjangeren måtte ha er irrelevante, så lenge approach og innpakning er på plass. Det der frustrerande livet sluttar aldri å vere relevant.

LES FLEIRE ALBUMANMELDELSER:

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: