nrk.no
Martin Hazy - «Inn i tåken»

Sjølvsikker rap for gatene og klubben

Martin Hazy osar av sjølvtillit, og leverer absolutt til godkjent på sitt andre soloalbum.

Ein kan spør seg om kor mange artistar som er meir produktive enn Martin Hazy her til lands. Sidan gjennombrotet saman med resten av Dårlig Vane for ein neve år sidan, har det tilsynelatande støtt vore nytt materiale frå bergensrapparen, anten det er gjennom eigne prosjekt eller gjesteopptredenar på andre sine utgjevnader.

Ein naturleg konsekvens av å bruke storparten av tida si i studio.

Massiv produktivitet og skapartrong har resultert i mykje materiale å ta av, og som første steg i det som visst nok skal vere eit langsiktig og tåkerelatert prosjekt, er Martin Hazy klar med sitt andre reine soloalbum.

Bergensk tradisjon

– Medan dei andre var opptekne av fire element og battlerap, laga vi klubbangers og rap for gatene, hevda rap-veteran Vågard Unstad frå A-Laget i ein story på Instagram tidlegare i år.

Han refererte til korleis den bergenske rapscena skil seg frå resten av landet. No er ikkje gaterap nødvendigvis eit særbergensk fenomen i 2021, men tradisjonen er tydeleg. Det er liksom ingen tvil om kvar Hazy har trakka barneskoa sine.

Martin Hazy er ikkje ein battlerapper som har endra kurs, eller ein som er breial som eit statement eller ein gimmick. Han står fram som den han utgir seg for å vere i musikken, og legg i så måte god føring for albumet, og konseptet, «Inn i tåken».

Ei solid samling røvarhistorier og betraktningar frå seine kveldar, pensla med gjennomgåande pondus og eit varierande inntak av rusmiddel. Kanskje smørjast det litt tjukt på i blant, men ærleg tala. Rap ville vore ein grådig kjedeleg sjanger om det ikkje var lov å dra på litt ekstra.

Sex, drugs og gaterap

Allereie frå førstesporet «På Bæret», framtrer Martin Hazy som ein rappar med veldig lite å bevise, og ser seg ikkje attende. Det er etablert at Hazy er jamngod med dei fleste både når det kjem til teknikk og bars, men på «Inn i tåken» er fokuset på komplette låtar langt større enn det er på linjer.

I jakta etter god stemning, er nemleg sånt fiksfakseri nedprioritert til fordel for melodiøse anthems i ein miks av r&b og arrogant rap om klassisk, tidvis politisk ukorrekt tematikk. Du veit – damer, sex, gode stunder i rusa tilstand og dyre gjenstandar.

Djupe og intrikate rimoppsett, eksperimentelle vinklingar og forsøk på å formidle noko stort får andre ta seg av.

Manglar ein låt eller to

Produsenttrioen Mars, Nado og Sito legg godt til rette for at Hazy kan fokusere på å vere den låten krev av han, anten det er å vere breial eller følsam. Formidlinga er rett fram, brutal og ærleg, og Hazy er ikkje redd for å halde tilbake der det trengst.

Du har nok høyrt det før, men dette er for gatene og klubben, av gatene og klubben, og Hazy er på heimebane.

Der mange album i raphistoria har rota seg bort i ein drøss fillers og altfor lang speletid, har «Inn i tåken» den motsette utfordringa. Ni spor gjer albumet veldig handterleg og lettfordøyeleg, men ein eller to låtar ekstra ville gitt albumet meir tyngde som heilskap, og Hazy ytterlegare rom for å vise seg fram.

Godkjent start

Som første steg i tåkeprosjektet, er «Inn i tåken» både ein god start og samla sett eit vellukka forsøk på det albumet er meint å vere. Likevel er speletida på 25 minutt i knappaste laget, og uttrykket noko einspora.

Det treng det ikkje nødvendigvis vere noko feil med, for Hazy kan dette, og om det er sjølvsikker, melodiøs skyggesiderap ein er ute etter, går ein absolutt ikkje feil med «Inn i tåken».

Unstad har definitivt eit poeng når han posisjonerer heimbyen i rapscena. Det er noko veldig Bergen over denne greina, og det er mykje takka rapparar som Martin Hazy.

LES FLEIRE OMTALAR:

Siste fra P3.no: