nrk.no
Ponette - «Nude»

Skrantande skildring av samlivsbrotet

Ponette sitt debutalbum «Nude» er ein fin totalpakke, men blir litt hindra av formatet.

Singlane elektropop-gruppa Ponette har slept sidan 2019, har gått langt i å hinte om at eit samlivsbrot har opptatt dei involverte.

I korte trekk er historia at kjærasteparet Helene Svaland Johansen og Johan Fredrik Strid Bolli i mange år utgjorde eine halvdelen av Ponette. Då forholdet tok slutt, vart det naturleg å tenkje over kva det ville ha å seie for framtida og dynamikken i bandet.

Vokalist Helene Svaland Johansen og trommis Johan Fredrik Strid Bolli frå Ponette står litt frå kvarandre og ser kvar sin veg.
FRAMLEIS EIT BAND: Helene Svaland Johansen og Johan Fredrik Strid Bolli valde å ikkje bryte opp Ponette etter at dei slo opp. FOTO: Tom Øverlie/P3

Heller enn å gi seg vart løysinga å la vokalist Johansen ta styringa og spele inn eit album der dei lét ho brette ut om hennar oppleving av brotet.

Eit moderne konseptalbum, om du vil – på godt og vondt.

Ikkje berre éin type breakup-låt

Ein breakup-låt er ikkje berre ein breakup-låt, særleg om ein skal skrive mange nok av dei til å fylle eit album.

Anten det er erkjenninga av kva veg forholdet går på «Losing Me», frustrasjonen over ikkje å få mentalt fri på «WTF» eller den fullstendige emosjonelle ubalansen på «Breathe», går Johansen presist og ektefølt til verks i skildringa av heile prosessen.

Det er på sitt vis forfriskande med meir dynamikk enn berre den klassiske songen om sorg. Samlivsbrot er meir enn som så.

Strålande avslutning

Det musikalske uttrykket stør også godt opp om tematikken. Dei atmosfæriske synthane og det at vokalen stadig vekk får stå nesten aleine, gir ytterlegare tyngde til alt sinnet og einsemda Johansen syng om. Når Ponette lagar mørke breakup-låtar, leikar dei ikkje butikk.

Det er berre synd det ikkje er fleire av dei.

For over ti spor skrantar det litt på kva ein vender attende til. Dette gjeld særleg første halvdelen av albumet. «Thx Bye» og « ̄​\_()_/ ̄» bidreg til dramaturgien, men er også heilt avhengige av å spele rolla som oppspark til andre låtar.

Når «Meltdown» vert litt masete og «Ice Cream» ikkje får tid til verkeleg å utfalde seg, sit ein eigentleg berre att med «Stuck» som eit skikkeleg høgdepunkt.

Vokalist i Ponette, Helene Svaland Johansen er kledd i svart jakke og ser i kamera. Ho har kort blondt hår og eit tjukk kjede rundt halsen.
ÆRLEG: Helene Svaland Johansen legg alle korta på bordet på «Nude». FOTO: Fabian Fjeldvik

Dette kjem seg på andre halvdel. Eit av dei beste spora på albumet, «In My Head», er både mørk, stemningsfull og kanskje så catchy som vi får Ponette denne gongen. Vidare er singlane «Losing Me» og «WTF» og den energiske, litt forløysande «Breathe» rett og slett ei strålande avslutning.

Der og då er «Nude» svært, svært bra.

Gjenbruken av melodien frå «Thx Bye» på «Fine» er også ein fin detalj. Tekstane på albumet er gode, men det er det repeterande «I’m fine» som vert mest skildrande på heile albumet. Så enkelt kan det gjerast.

Bommar litt på formatet

Trass i den solide avslutninga vert sluttresultatet noko todelt. Problemet er rett og slett at «Nude» brukar litt mykje tid på oppbygging og å legge til rette for dei verkelege låtane. Totalpakken er god, men mykje fungerer berre som del av han.

Dette blir tydeleg ved den nokså korte speletida til albumet på 25 minutt fordelt over ti spor. Ei beskjeden tidsmengde, der slike avbrekk vert ekstra tydelege.

«Nude» kunne henta mykje på å gå «all in» på anten album- eller EP-formatet.

Nett no landar det midt imellom og vert litt knapt som album og litt langt som EP. Som komplett skildring av eit samlivsbrot og rein lyttaroppleving, står derimot «Nude» så absolutt til godkjend.

Til sjuande og sist er det jo akkurat det «Nude» verkar meint å vere.

Meir om musikk frå P3.no:

Siste fra P3.no: