Fleet Foxes - Helplessness Blues

Skuggefulle landskap

Fleet Foxes legg med sitt andre album ut på nok ein vandring gjennom lauvtunge skogar, med sola glitrande mellom tretoppane. Men skuggane kvilar tyngre på bakken enn sist.

Timinga kunne knapt vore betre: Våren har endeleg banka på døra, parkar over det ganske land er i ferd med å bli fylt opp av fleecepledd og eingongsgrillar, og Fleet Foxes kjem med sitt andre album. Den sjølvtitulerte debuten frå 2008 viste seg seg å innehalda ein suksessformel, med sine vakre folkinspirerte poplåtar og lett gjenkjennelege vokalharmoniar, og vart for mange ståande som sjølve lydsporet til akkurat den sommaren. No er den etterlengta oppfølgjaren her, to år etter opphavleg skjema. Den tålar òg å bli tatt med ut i sola, men som albumtittelen varslar er det eit meir søkande og melankolsk Fleet Foxes som no tek imot lyttaren.

Helplessness Blues vidarefører mange av bandets kvalitetar frå debuten: Det majestetiske lydbiletet, dei Simon & Garfunkel-klingande harmoniane, arva frå Greenwich Village. Melodiane teiknar opp eit landskap der vinden stryk gjennom tretoppane, sola glitrar mellom lauva og  snøen blenkjer øvst på fjella. Samanlikninga dei så ofte måtte tåle etter debuten, med Crosby, Stills & Nash og 1960- og 70-talets singer/songwriters, står seg framleis, samstundes som Fleet Foxes på alle måtar står fram som trufaste mot sitt eige skjema.

Etter nokre gjennomlyttingar vert det likevel klart at nye skuggar er blitt kasta over frontfigur Robin Pecknolds låtskriving. «So now I am older, Than my mother and father/ When they had their daughter / Now what does that say about me» syng han på opningssporet «Montezuma», og slår an ein meir ettertenksam tone enn ein tidlegare har vore van med å høyra frå Fleet Foxes. Tekstane krinsar kring det å bli eldre, villfarne draumar og ei kjensle av usikker grunn under føtene. Stadig vender Pecknold tilbake til augeblikk han hugsar frå fortida, og til trass for at dei fem andre medlemmene er umiskjenneleg tilstades, verkar han langt meir aleine enn han gjorde for tre år sidan.

Også musikalsk er spekteret blitt utvida. Det mest slåande dømet kjem på åtte minutt lange «The Shrine/An Argument», som flyr ut i eit uannonsert jazzcoda, medan «Bedouin Dress» er innhylla i eit tynt austleg slør. Produksjonen er gjennomført til fingerspissane, med ein ruvande akustikk, plukkande gitarar og Pecknolds engleaktige stemme som viktige omdreiingspunkt.

«Helplessness Blues»:

Helplessness Blues er ikkje så reint lite sjølvhøgtideleg, men det ikkje er til å kome bort ifrå kor støtt albumet står musikalsk. Låtane avløyser kvarandre som renessansedansarar vekslar partner – frå det velklingande opningssporet, til det instrumentale avbrekket i «The Cascades» midtvegs, og det avluttande draumesporet «Grown Ocean».  «Oh just tell me what I should do» ber Pecknold på tittelsporet. Tilhengjarar av Fleet Foxes kjem nok til å sei at han er på rett veg allereie.

Maria Horvei