Depeche Mode - Delta Machine

Slapp synth

Depeche Mode kunne med fordel gitt ut ei kortare plate enn Delta Machine. Eller latt heile idéen ligga.

Depeche Mode har ikkje utvikla seg stort på 20 år.
Depeche Mode har ikkje utvikla seg stort på 20 år.

Dystopisk, industriell synth-pop har, trass enkelte stilendringar gjennom åra, vore varemerket til Depeche Mode. Med den tyngste synthen på denne sida av Kraftwerk er det framleis mørk og rytmetung musikk Depeche Mode leverer på Delta Machine. Og for det meste er det heilt greit.

Nokre gonger går det faktisk over heilt greit. Nokre gonger er Depeche Mode anno 2013 eit storslagent band – nesten relevant i tida, trass i eit noko datert lydbilete frå 90-talet ein gong.

Men ein kjem likevel ikkje unda kjensla av at Depeche Mode har hatt sin beste periode på 80- og 90-talet. At det er lenge sidan, og at vegen er lang tilbake til toppen.

Les meir om Depeche Mode

Depeche Mode startar likevel høgt på stigen. «Welcome To My World» er ein råtass av ei opningslåt, og «Angel» er ikkje stort verre. Etter dette går det likevel nedover. Stigen blir meir ustødig, Depeche Mode meir vinglete.

Utover Delta Machine held Depeche Mode fram med å gjenta seg sjølv. Det blir uengasjerande og uniteressant. Delta Machine blir rett og slett for lang, og kunne med fordel kutta nokre mindre interessante spor i midten.

Til tider viser Depeche Mode krefter. Glimt frå storheitstida, som dei tidlegare nevnte opningsspora, eller «Soothe My Soul» mot slutten. Likevel er det ikkje nok, og Delta Machine endar med å snubla i oppløpet.

Albumet er vurdert etter originalversjonen, ikkje deluxe-versjonen med fire ekstra spor. Deluxe-versjonen er tilgjengeleg på Spotify.