Håkan Hellström - Du gamla du fria (Anmeldt av Daniel fuckings Kvammen)

– Som å kysse ein gamal eks

Rusten kjærlighet blir som ny når Daniel Kvammen anmelder sitt store idol Håkan Hellströms nye album – eksklusivt for P3.

dugamladufriaDet er liksom alltid eit litt ambivalent fyrste stadium ein må gjennom kvar gong ei ny Håkan-plate kjem. Som om ein kysser ein gamal eks for fyrste gong på mange år og må finne ut om ein fortsatt er dei samme.

Det er jo med denne eksen som det er med ei Hellström-plate: Ein står klar med så store forventningar og minner frå tidligare liv at ein går inn i det med nådelaus vurdering. Hellström har jo laga soundtracket til livet ditt. Og no skal du måle nye låtar opp mot den favoritten du spelte etter du endelig fikk klina med ho du likte i 2011, eller den låta du alltid høyrte på kvar gong du kava heim frå fylla semesteret 2009.

Så du går så nervøst og usikkert inn i det. Du veit jo at ikkje det kan bli slik som det var sist gong. Men ein hiv seg i det fordi alternativet ikkje eksisterer. Det er jo tross alt du og meg, liksom.

Den første samtala er jo sjølvsagt sjukt keitete og rar. «Kjennes ikkje låtane meir strømlinjeforma enn ved forrige vegskille?». «Er tekstane meir upersonlige?». «Har soundet blitt altfor stort no?». For det er jo akkurat her, i det første nye møtet med våre største artistar og heltar, at ein kan bli så sjukt beinhard. Fordi ein rett og slett glømmer at Håkans største utfordring ikkje ligg i at han ikkje lagar gode låtar, men i korleis tida har kanonisert vår oppfattelse av hans gamle songar.

Så kva kan ein si om Håkan anno 2016? Har han blitt stramt kommersiell og kalkulert, slik som mange skulle ha det til når han slapp forgjengeren til denne plata, 1974 EP, rett før sommaren? Vel, om eg som Daniel fuckings Kvammen kan driste meg til å si detta: Om ein prøver å definere denna ranglete 70 og 80-talls inspirerte skranglepopplata som eit overstadig forsøk på å treffe ein predefinert standard i markedet i 2016, foreslår eg at vedkommande som gjer det tar seg ein liten titt rundt om i denne underlige verden.

Dette er umiskjenneleg Hellström som trakterer det landskapet han personlig har gjort til eit av nordens mest populære utrykk i løpet av dei siste 16 åra. Frå jangly, ranglete indie i 2000 til jangly, ranglete stadionrock i 2016. Når sant skal seiast er det jo virkelig meir U2, stadionrock og ikkje minst bibelske referansar i monitor denne gongen. Det har eskalert i størrelse, både musikalsk og tekstlig. Men mannen speler jo for Guds skyld stadionar for 140 000 personar. Slapp av, la mannen ta litt plass.

«Din tid kommer»:

Eg kjenner no at det er så utrulig mykje eg kunne sagt om musikken på denne plata. Korleis det ligg eit slags eit overordna teatralsk narrativ som veksler mellom tre hovedtema: Politiske strømningar, Hellstrøm sitt eget livsløp og tekstlige univers og sist, men ikkje minst, eit voldsomt bibelsk fokus. Eller at han som vanlig, enten heilt åpenbart eller meir subtilt (kall det enten tjuveri eller hommage), ripper andre artistar som Chicago, Byrds, U2, Queen og fleire (og er ikkje riffet på «Runaway» mistenkelig likt «Her kommer vinteren» med Jokke?).

Men alt i alt betyr dette så lite, då magien i Hellstrøm mest av alt ligger i korleis han innlemmer alt dette i sitt heilt eiga narrativ, og at stemma hans har ein slags fantastisk primal klang som utrykker rein desperasjon. Plata står som heilhet foreløpig ikkje som hans sterkaste, men Håkan har strengt tatt berre har laga to tilnærma perfekte og fullverdige popalbum i si karriere (Känn ingen sorg för mig Göteborg og 2 steg från Paradise).

Alt eg veit er at det finns fantastiske poplåtar på denne plata, som på alle hans andre utgivelsar. Og at om du tar deg tid, så litt etter litt, steg for steg, og med eskalerande fart, så får du kanskje auge på mennesket du ei gong kjente inne i alt det nye, akkurat som når du treffer denne eksen. Eg veit også at desse låtane kjem til å skinne gjennom på eit viktig tidspunkt i ditt liv, og akkurat når du treng det som mest så kjem teksten til «Jag utan dig» til å stå så mykje klarare for deg enn nokon som helst EDM-låt klarar.

Til slutt kjem du til å væra sjukt skeptisk til neste plate med Håkan Hellstrøm, fordi du er heilt banna sikker på at dei nye låtane ikkje kan bety like mykje for deg som låtane på denne plata gjorde. Det er jo tross alt ikkje så ofte du finn tilbake at til ein gamal eks.

Daniel Kvammen