Spenstig Sognamålsrock

– Musikken til Tyyl! står som ei furu i den norske rockefloraen. Få med deg Ukas Urørt.

– Namnet Tyyl! er ein meir insisterande variant av uttrykket tyl, som vert nytta i dialektar frå Voss i sør til Sunnmøre i nord. Ordboki seier at tyl tyder det same som tosk eller styving.

Urørt mener:

Vestlandsrock på kav Sognamål fremstår like uimotståelig som Bob Hund på Skånsk. Tyyl! er frekke og stødige på samme tid, og dette er ei knivskarp låt som vet å tilfredsstille salthungeren.

Mer om: Tyyl! på Urørt

Salt vart første gong sunge i dusjen (veit at det er ein klisje, men det er sant). Spelte den første gong live under OsloFres på Garage i 2008. I etterkant har me gjort fleire justeringar, både i arrangement og tekst. Den er innspelt i Sounderground Studio med produsent Arne Aasland, forteller gutta i Tyyl om låta de er Ukas Urørt med.

Dama som ikke vil ha deg

– Teksten i «Salt» handlar om dama du trudde du hadde sjans på, men som likevel ikkje vil ha deg. Du står igjen åleine. Såra og frustrert seier du det som det er. I visse situasjonar kan sjølv barske mannfolk verte ei open bok.

Tyyl! ble starta opp vinteren 2008. Allerede på første øving var visjonen klar: bandet skulle spille fengende rock på sognamål, en dialekt med stort følelsesregister og rockepotensial, understreker de fire gutta.

– Med sine breie vokallydar og rullande r’ar er dialekten som skapt for glefsande rockemelodiar, seige riff og frustrerte harmoniar. Frå øvingslokalet i Blitz-kjellaren smaug det seg difor raskt ut drivande rockelåtar med tydeleg bodskap.

Kvartetten består av Håvard Øyrehagen (30) på vokal og gitar, Jon Landsem (30) på trommer, Vegard Styvi Loftesnes (28) på bass og Torkjel Solbraa (30) på gitar og vokal.

Tyyl! på konsert i Trondheim. (Foto: Fotogjengen ved Studentersamfundet i Trondhjem)
Tyyl! på konsert (Foto: Fotogjengen ved Studentersamfundet i Trondhjem)

– Som ei furu i den norske rockefloraen

– Musikken til Tyyl! står som ei furu i den norske rockefloraen; i skrinn jord, med kraftige røter, stikkande nåler, duftande kvae og ei usymmetrisk krone. Tyyl! leverer bitande lyrikk på syngjande sognamål og melodiar så harmoniske at sjølv salmeboka bleiknar. Låtane våre er spekka med frustrasjon, aggresjon, mot, sårbarheit og glede, noko me ønskjer formidle til lyttarane på ein relativt tilgjengeleg måte.

Tekst er viktig

– Tekstane vert jobba mykje med då det er vårt viktigaste kjenneteikn. Vegard er språkmannen i bandet, så alle tekstar må innom Vegard for ein grammatisk og logisk overhaling.

– Håvard og Vegard har hatt ein STOR språkleg krangel kring om me seier ”løysnar” eller ”losnar” på sognamål. Tyyl! tek med andre ord språket seriøst og har til og med engasjert seg språkpolitisk i lokalpressa. I-endinga er truga som nynorsk skriftmåte av Språkrådet sitt reformutval. Det tykkjer me er tylskap. Lat i-endinga leve vidare som eit skriftalternativ i nynorsken!

Debutalbum og bylarm

De har akkurat sluppet debutskiva Ber Bod, og trekker det frem som et definitivt høydepunkt så langt i karrieren. – Spelte også på by:Larm 2009, og fleire kjekke festivalar rundt omkring i Noregs land har gitt oss konserterfaring, mykje god respons og mykje glede, legger de til.¨

– Hva betyr det å bli Ukas Urørt?
– Det er stor stas sjølvsagt. Det tyder på at me gjer noko riktig og at musikken har kvalitetar. Det er alltid kjekt å spreie musikken til nye lyttarar. Kanskje kan Vekas Urørt også gjere at fleire vil leite opp musikken vår. Apropos: debutalbumet Ber Bod er til sals i platebutikkar og på nett.

Slippfest på Gloria Flames

– Tyyl! skal ha desentralisert sleppfest for debutalbumet på Gloria Flames i Oslo førstkommande laurdag 25. september. Konsertstart presis kl 21. Gratis entré.

Bandet har også flere planer fremover: – Me vil ut å spele for folk og driv med aktiv konsertbooking i desse dager. Tyyl! kjem snart til ein spelestad nær deg.

Av andre favorittband på Urørt trekker de frem The Generous Days, Cherokee, Teenage Poster Computer Club og Ponas, og begrunner det med at de er gode venner  som lager god musikk.

– En siste appell til folket?

– Kjøp plata vår og kom på konsertane våre. Løys deg i så tilfelle opp og ikkje vær streng. For det treng du ikkje. Ein Tyyl!-konsert skal vere pur glede.

Hør også intervju med Tyyl! i Urørt på P3, onsdag mellom klokka 21 og 23.

Fikk DU sansen for Sognamålsrocken? Legg gjerne igjen en kommentar!