Mirror Lakes - Rockefeller, by:Larm 2012

Stilleståande vatn

Mirror Lakes greier ikkje å kontra den eldste by:Larm-utfordringa i boka: Å spela for eit publikum som ikkje kjenner til låtane dine.

Det er ikkje mange band forunt å spela sin andre konsert nokonsinne på Rockefeller. Men slik går det altså når medlemmene har bakgrunn frå band som Jim Stärk, Loch Ness Mouse og – kanskje mest tungtvegande i denne samanhengen – Turboneger.

Hjå underteikna har nemninga «supergruppe» ein tendens til å framkalla nervøse rykningar heller enn varme kjensler – det er noko uorganisk over det, ein eim av lovnader som er dømt til å bli brotne. Etter det lite imponerande talet på frammøtte tilskodarar til Mirror Lakes i kveld å døma, kunne det sjå ut som by:Larm-publikumet følte meir eller mindre det same.

Men det er sjølvsagt dyktige folk me har med å gjera. Det mjuke rockelandskapet Mirror Lakes har slått seg ned i er på ingen måte eit overraskande tilhaldsstad med tanke på dei involvertes tidlegare merittar, men små glimt av vestkystssol er uansett velkoment på vegen ut frå mørketida. I kveld var det ei handfull nydelege instrumentalparti som var den  kanskje rikaste D-vitamin-kjelda.

Skyene kjem i form av eit brot i kommunikasjonen mellom scene og sal. Frode Fivel framstår som ein heller uinspirert frontfigur, og låtmaterialet fungerer dårleg med eit publikum som ikkje har hatt moglegheita til å setja seg inn i det på førehand. Denne problemstillinga – å stilla til konsert utan at publikum er godt kjent med musikken din – er ein eldgamal problemstilling i by:Larm-samanheng, og det er skuffande å sjå at ei samling av festivalens aller mest rutinerte musikarar ikkje taklar utfordringa på ein betre måte.

Totalen for Mirror Lakes vert for anonym denne gong – så gjenstår det å sjå om det fungerer betre i plateform. Dobbeltalbum er på veg.

Maria Horvei