nrk.no
The Needs - «Special Needs»

Superbandet er tilbake: – Tilgjengeleg og ufarleg

The Needs lukkast absolutt med å lage eit relaterbart og catchy album, men dei kunne utfordra meir.

Vi musikkskribentar har altfor lett for å bruke omgrepet supergruppe når etablerte musikarar finn saman, men av og til er bruken på sin plass. For i den grad vi har genuine supergrupper her til lands, må The Needs vere ei av dei.

Ikkje berre kan vokalist og gitarist Bendik Brænne vise til ein respektabel solokarriere. Attmed storebror Mattis Brænne, er bandet også utgjort av Maciek Ofstad (Kvelertak), Knut-Oscar Nymo (Oslo Ess) og Nils Jørgen Nilsen (Honningbarna). Ein imponerande line-up.

To år etter debuten «You Need The Needs», er dei i dag klare med oppfølgaren «Special Needs».

Vanskeleg å mislike

Pønkarar til trass, er dette bandet av det snillare slaget, og siktar seg inn mot den evig nostalgiske og romantiske nisjen power pop. På godt og vondt.

Det gode først: landskapet The Needs rører seg i er så tilgjengeleg og ufarleg at ein skal vere forbanna surmaga som lyttar for å reagere negativt i møte med den.

Her er det noko å finne glede i for alle med sans for venlegsinna og melodiøs pop og rock, anten ein er solskins-pønkar eller svoren The Beatles-tilhengar.

Så lenge ein er noget lunde kompetente låtskrivarar, er det liksom ingenting i vegen for at det ein lagar skal vere veldig lett å like, og her innfrir «Special Needs». Albumet er i stor grad det det er meint å vere. Stappfull av fuzzgitarar, nostalgi og kjærleikshistorier som er akkurat vage nok til at «alle» kan kjenne seg att. Ikkje minst er det svært fengande frå start til slutt.

Mange om beinet

Så det vonde: no er vondt eit relativt omgrep i denne samanhengen, for det er jo ingenting eigentleg dårleg med «Special Needs». Albumet har likevel sine utfordringar.

Sjangermessig fornying og utvikling har ikkje på noko tidspunkt vore power popens hjertesaker, og medan det har resultert i mykje fin musikk gjennom åra, er dei fleste stiane godt opptrakka.

ERFAREN GJENG: Med medlem frå ei rekke etablerte prosjekt, er ikkje The Needs ferskingar i spelet. Foto: Nikolai Grasaasen, promo.

Også The Needs er skuldige i å gå i desse opptrakka løypene, og det er fort gjort at ein synest ein har høyrt det før. Det byrjar jo å bli ein del sommarlege låtar om utfordrande kjærleik og det å vere outsider, og det er meir utfordrande enn ein skulle tru å lage noko som både fungerer og høyrast enkelt ut.

For å stå ut i massen, og ta steget frå «berre» fullt godkjend gitarpop til noko som overraskar eller kjenst forfriskande, krevst det eit ekstra gir. Ein kan ikkje laste The Needs for at det er slik, men dei må likevel forholde seg til det. Det er mange om beinet.

Gode i detaljarbeidet

Heldigvis har vi med ein musikalsk kompetent gjeng å gjere. Ringrevane i The Needs viser fleire gonger at dei kan hente fram dette ekstra giret når dei vil, og det er då albumet verkeleg skin: Når dei tør å utfordre sjangeren litt, tar fokus bort frå akkordprogresjonar og legg litt ekstra innsats i detaljarbeidet.

Høyr til dømes perkusjonen og lead gitar-lyden (årets mest retro!) i «Second Love», skilnaden i engasjement mellom dei to vokalistane på «High Noon» eller korleis leikne detaljar i rytmeseksjonen løftar refrenget på «All In My Mind».

Det er ofte desse små detaljane som skal til for at ein låt skal sette seg og ikkje forsvinne i mengden. Det er heldigvis mange slike detaljar undervegs, men diverre endar ein god neve låtar likevel opp med å støtte opp om betre materiale, meir enn dei utmerkar seg som enkeltspor. Totalen blir derfor noko delt.

Likevel – når den norske, catchy gitarpopens grand old man, Lars Lillo Stenberg, lånar bort røysta si til låten «I Wasn’t Built to Build Muscle», går bandet ut på topp. Ein utagerande outsider-anthem for alle dei som valde øl og rock framfor idrett og fornuft, og ein strålande high note å avslutte albumet på.

Det enkle er av og til nok

Sjansane for at The Needs endrar musikkhistoria med «Special Needs» er minimale, men det forsøker dei strengt talt heller ikkje å gjere.

Det er nemleg viktig at ein ikkje let kravet om originalitet stå i vegen for det faktum at «Special Needs» er ei god og lettfordøyeleg lyttaroppleving frå start til slutt. Av og til er det jo nettopp det ein vil ha, og det gjer at terskelen for å sette på albumet burde vere rimeleg låg.

For alle oss som er lei av å vente på at Weezer skal ta seg saman og finne attende til formen frå dei første platene, kan The Needs vise seg å bli ein nesten fullgod erstattar. Det er slettes ikkje dårleg.

LES FLEIRE OMTALAR: