The Strokes - Comedown Machine

Uanstrengt genistrek

The Strokes har mykje å forsvara med Comedown Machine. Forsvarstalen er nær plettfri.

Comedown Machine er god nok til at me kan gløyma Angles.
Comedown Machine er god nok til at me kan gløyma Angles.

Er ein gjennomsnittleg interessert i musikk, er namnet «The Strokes» godt kjend. Debutalbumet Is This It har for lengst blitt genierklært, og gjennom store delar av 2000-talet var det The Strokes alt handla om. Dei var kongane av indie-rock, med den utruleg slepne stilen, dei fengande låtene og sjarmerande Julian Casablancas i front.

Etter First Impressions of Earth frå 2006 vart det derimot brått stille, fram til middelmådige Angles frå 2011. The Strokes kom tilbake som ein skugge av seg sjølv, og likegyldigheita var ikkje lenger kul – den var smittsom. Angles vart møtt med eit skuldertrekk og lite anna.

No er Julian Casablancas og resten av The Strokes tilbake på nytt, med Comedown Machine. Om me alle berre er einige om å gløyma Angles, er Comedown Machine nok eit bevis på at The Strokes er eit av verdas aller beste band.

Les P3 sin anmeldelse av Angles: Det var det?

Med hissig gitar startar «Tap Out», som likevel er ei ganske nedpå låt. Rett etter kjem dei to låtene me har høyrt før – «All The Time» og «One Way Trigger». «All The Time» er ei klassisk Strokes-låt, ein velvald singel. «One Way Trigger»er The Strokes i ny drakt. Fire minutt med ivrige synthar og fistel-sang kan vera tungt å fordøya for puristen, men etter nokre rundar viser låta seg som ein liten genistrek. No vil eg plassera låta blant The Strokes sine aller beste.

Den største genistreken ligg likevel ikkje i ei enkeltlåt, men evna The Strokes har på Comedown Machine til å bruka genialt enkle melodiar på ein forfriskande måte. Det er ikkje nødvendigvis så nytt, men det er så gjennomført bra.

Les meir om The Strokes på p3.no/musikk

Samstundes som mange av enkeltlåtene er knallsterke, er det heilheita som er det mest imponerande. Det heile heng saman, på eit vis. Comedown Machine berre fungerer.

Gjennom 11 låter verkar det ikkje som om The Strokes har prøvd hardt ein einaste gong. Skuldrane har vore senka og brystkassen heva, resultatet er ei plate som står seg godt ved sida av Is This It. Der er det få som står frå før.

Anders Veberg

The Strokes spelte på Hovefestivalen i 2011. Sjå konserten her: