Lise Kalrsnes - Dance or Die

Vakker veggpryd

Lise Karlsnes slit med å skilja seg ut frå mengda på sitt fyrste soloalbum.

Å lansera solokarriera til Lise Karlsnes skulle i utgangspunktet vore ein smal sak. Då Briskeby og deira Jeans For Onassis herja for fullt kring tusenårsskiftet var det Lise Karlsnes som stod i auga av stormen. Med stilsikker framtoning, kjølig popvokal og ein usedvanleg glam-faktor sette Karlsnes bandkollegaene sine så til dei grader i skugge at eg den dag i dag ikkje anar korleis dei ser ut.

Det var med andre ord nærliggjande å tru at det berre skulle eit aldri så lite sprang til før Lise Karlsnes kunne landa trygt på eigne musikkbein. Fullt så enkelt skulle det ikkje bli, men no – bortimot seks år sidan Briskeby vart oppløyst – er me her endeleg. Dance or Die høyres kanskje mest ut som tittelen på eit Nintendo Wii-spel, men det er altså Lise Karlsnes sitt elektropopgnistrande forsøk på å gjenvinna tittelen som den kulaste jenta i gata.

Diverre kan det sjå ut som om det toget passerte ein eller annan gong mellom by:Larm 2010 og den fyrste delfinalen i Melodi Grand Prix.

Den musikalske linja Karlsnes og produsent Thomas Eriksen har lagt seg på kjem neppe overraskande på nokon: Synthdynka popmelodiar, pepra med metallisk vokal og 80-talskoloritt. Ynsket om å framprovosera eit dansemaraton av Robynsk kaliber ligg som eit tjukt,  neonglinsande belegg over dei ti spora, som berre unntaksvis sakkar pulsen ned til siste-dans-for-kvelden-nivå. Tidvis – som på radiosingelen «Red Hot» og den svaiande «Great Escape» –  fungerar det også ganske så greitt.

«Red Hot»:

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=SqQViTxiUWs

Problemet med Dance or Die er likevel at brorparten låtmaterialet rutsjar av hjernebarken heller enn å klistra seg fast. Uttrykket for generisk til å gjera noko varig inntrykk, og låtane manglar solide nok hooks til å rykka deg vekk frå baren og ut på dansegolvet. Med tanke på den etter kvart beinharde konkurransen innan det musikalske feltet Karlsnes beveger seg innan, burde arbeidet med å finna fram til betre melodiar og eit tydelegare særpreg i samband med dette albumet vore kraftig intensivert.

Noreg kunne hatt god bruk for ei Lise Karlsnes i storform – ein solid og erfaren popartist, med eit skarpladd låtmagasin, klar til å blåsa sine svenske elektrosystrer av bana. Dance or Die er diverre ikkje eit tilstrekkeleg overtydande album til å realisera den draumen i denne omgang.

Maria Horvei