nrk.no
Amalie Holt Kleive - «De løper der jeg går»

Vil alt, får til ein del

Amalie Holt Kleive leverer eit absolutt brukbart debutalbum, men mister litt av momentet undervegs.

Amalie Holt Kleive (27) er klar for å tre ut av skuggen og satse som soloartist, etter å ha vore backing-vokalist for større namn som Aurora og Metteson den siste tida.

Med utdanning som jazzvokalist og fortid i jazzgruppa Havene, har ho hausta omfattande skryt i fleire norske medier for singlane ho har sleppt som soloartist så langt i karrieren.

Og sjølvsagt bygd seg hype i ulike kretsar, som seg hør og bør.

Derfor er det grunn til forventningar når ho no albumdebuterer, og følger opp den P3-lista singelen «Sier ingenting» med fullengdaren «De løper der jeg går».

Visjonær råskap

Ein kan tilgjevast for å tru ein har høyrt det før når ein berre vert presentert for ein norsk, kvinneleg artist i det elektroniske landskapet, med eige namn som artistnamn.

Men nei, Kleive er noko anna.

Sjå Amalie kore for Aurora då ho gjesta Lindmo og framførte «Temporary High» tidlegare i år i videoen over.

Det vil vere villeiande, og ikkje minst feil, å overfladisk kategorisere Kleive på det viset.

«De løper der jeg går» introduserer oss nemleg for ein artist med eit brennande behov for å utrykke det ho har på hjartet og openbar skapartrong. I samarbeid med co-produsent Vetle Junker (Metteson, Nils Bech) har ho laga eit album der frustrasjonar og ulike former for distanse i sosiale relasjonar vert levert med ein nesten underprodusert råskap.

Det radioperfekte soundet må med andre ord vike for Kleive sine artistiske visjonar. Men er Kleive og Junker alltid like sjølvsikre i det dei presenterer?

Held ikkje alt det lovar

Det litt upolerte soundet med kalde, progressive synths og lett hypnotiske beats står godt til albumets beste spor, som til dømes «Iskald» og «Sier ingenting».

Særleg på «Syre» understrekast utanforskapen og tankane til Kleive i dynamikken mellom tekst og instrumental, og kontrasten mellom dempa vers og skitne og bråkete refreng. Sånn for å slutte sirkelen til Kleive sin jazzbakgrunn, stiller saksofonist Kjetil Møster med ein passande kaotisk solo i klimakset.

Et bilde av Amalie Holte Kleive. Hun lener seg inntil en vegg med gull-ruter. Hun holder henda over hodet. Hun har på seg noen gull-hansker og en svart jakke. Hun ser alvorlig inn i kameraet.
EIGENART: Amalie Holt Kleive (27) har ein ekspressiv nerve som skil ho frå mange andre. Foto: Synne Sofi Bønes, Promo

I dette samspelet mellom røff, musikalsk estetikk og tekstleg distanse, får uttrykket til Kleive både autentisitet og eigenart, og det er i det at ein finn dei høgste toppane på «De løper der jeg går».

Derfor er det skuffande når andre halvdel av albumet ikkje lev opp til første.

Etter ein solid start, mister diverre albumet ein del av momentet undervegs, særleg når Kleive tar ned tempoet og låtane stadig vert meir einspora mot slutten.

Det er ikkje nødvendigvis slik at ein utdanna jazzvokalist skal synge mindre, men ein får eit inntrykk av at Kleive tidvis ikkje stolar nok på arrangementa til å la dei avlaste ho og løfte dei endelege låtane.

Ikkje misforstå – dette er ikkje dårlege låtar, men den ekspressive nerven og augeblikka, som gir låtane identitet og gjer at ein hugsar dei, uteblir i langt større grad.

Totalvurderinga vert derfor at «De løper der jeg går» er eit album som lovar og gir mykje innleiingsvis, men som etterkvart leverer hakket for få toppar og overraskingar til å rekke heilt opp dit det forsøker å nå.

Kunne albumet vore meir?

Amalie Holt Kleive presenterer seg som ein nokså kompromisslaus artist, med eit enormt ekspressivt behov, og ei tilnærming til sjangeren der ho ikkje lar tilgjengelegheit eller reglar sette styringa.

Ho viser definitivt at ho er ein artist som har noko å kome med.

 «De løper der jeg går» har vinden i ryggen når det viser seg frå si beste side, men albumet stiller krav om at ein gir det eit par gjennomlyttingar før det verkeleg set seg. Og den investeringa er verd tida.

Men – når ein ser «De løper der jeg går» under eitt, står likevel tanken på kva albumet kunne vore eit ørlite hakk sterkare enn kva det er.

Amalie Holt Kleives debutalbum «De løper der jeg går» er tilgjengeleg frå fredag 18. februar kl. 00:00.

LES FLEIRE ALBUMANMELDELSER:

LES MEIR OM MUSIKK:

Siste fra P3.no: