Wild Beasts - Smother

Vilt, vakkert og vått

Wild Beasts sitt tredje album er eitt av årets mest forførande.

Wild Beasts tok med  Two Dancers frå 2009 steget ut av einspaltersanmeldelsar i den britiske musikkpressa, og ut til eit publikum som var svoltent på velprodusert indie med litt skarpare kantar. Sjølv om The xx enda opp med å stela noko av glansen (og Mercury-prisen) frå det kritikarhylla andrealbumet, ser det ikkje ut som om bandet har latt seg affisere. Smother er kanskje mørkare og meir innovervendt enn forgjengaren, men det er også eit herleg forførande album, fylt av erotikk, smygande melodilinjer og ambivalente bodskap.

«I take you in the mouth like a lion takes his game,» syng Hayden Thorpe på opningssporet «Lion’s Share». Han verkar å kjempa ein innbiten kamp mot banaliteten, mot ungjenter som legg seg på rygg i musikkvideoar og mannlige kollegaer som dreg seksualiteten ned til eit uhygenisk bakkenivå. Wild Beasts mystifiserer, dei kompliserer og skriv om. At det kjennes friskt istaden for pretensiøst, heng nok saman med absurditeten i tekstlinjer som «New squeeze, unfold my body / I’ve ransacked myself, I’ve flat-packed myself, for your ease» («Plaything»), eller det humoristiske i linjer som «I was angry and brash as a bull / You were devastatingly beautiful» («Reach A Bit Further»).

Thorpe si stemme er ei av dei vakraste som har kome ut frå øyriket dei siste åra, og balanserar ein stad mellom Antony Hegarty, vår eigen Nils Beck,og Kate Bush (!). Denne stemma er ein av Smothers viktigaste bærebjelkar, samstundes som lydbiletet er beundringsverdig balansert og teksturert: Hul perkusjon, krystallklare gitarfigurar og trillande pianotonar flettar seg uanstrengt saman, som ein skjermsparar på ei stasjonær datamaskin frå 2001. Produksjonen er heldigvis stram og moderne.

Også prestasjonane til medvokalist Tom Fleming er verdt å legga merke til, enten han er i front, som på «Deeper», driv med call-and-response som på «Reach A Bit Further» eller smyg seg rundt Thorpe sin falsett, som på «Loop The Loop». Singelen «Albatross» er òg eit godt døme, både på vokalsamarbeidet og på dei estetiske rammene Wild Beasts beveger seg innanfor.

Smother er sår og til tider dunkel, men med ein inviterande intimitet og gjennomført musikalsk eleganse. Det kviler ei form for kald og klar skjønnheit over heile albumet, ei verdigheit som er uendeleg tiltalande. Wild Beasts står kort sagt for eitt av årets flottaste album så langt.

Heile albumet kan streamast i spelaren under:

Maria Horvei