Ida Terese (22) står forran en blomstereng i skogen. Bakenfor engen ser man høye trær og en elv.
Ida Terese (22) er A-menneske. Og det er ikkje så enkelt som folk skal ha det til. Foto: Privat / Montasje: P3
MENING:

– Nei, det er ikkje noko enklare å vere A-menneske

Bilde av skribenten. Hun smiler med tennene og har lysebrunt hår i en midtskill. Foto:
Ida Terese Ueland (22)Student
Publisert 06.02.23 08:00 / Oppdatert 23.10.23 20:34

Ida Terese er frå Bryne i Rogaland, men studerer bioteknologi og matvitenskap i Ås. Dette er eit svar på innlegget til Synne om fordommar mot B-menneske. Dette er hennar personlege mening.

Førre veke skreiv Synne (22) at B-mennesker blir stempla som late fordi dei ikkje greier å stå opp like tidleg som oss andre. Ja, det stemmer at skule- og arbeidslivet er tilrettelagt for A-menneske, men alt av fritidsaktivitetar er ikkje det.

Heile livet har eg vore trøyt tidleg på kvelden, noko mine foreldre har vore takknemlege for.

Når alarmen ringer om morgonen, er eg stort sett utkvilt. Ofte vaknar eg også før alarmen og er klar for å starte dagen.

Å starte dagen før alle andre har vakna, og gjerne også før dei vil snakke med nokon, er både veldig deilig og veldig effektivt. Eg kan velje dei beste lesesalplassane, eller gå på treningssenteret utan at det er fullt av folk.

Eg får gjort veldig mykje, mens alle andre søv fordi ingen er vakne til å forstyrre meg!

Problemet starta ikkje før på ungdomsskulen. Alt av fritidsaktivitet for barn blir jo prioritert til ettermiddag og tidleg kveld. Dette fører naturleg nok til at fritidsaktivitet for ungdom kan bli ganske seint på kveldane.

At fotballtreningane var ferdige klokka ti, gjekk greitt nok, for då var det berre eit par minutt å gå heim etterpå. Men å køyre ein time etter ein fotballkamp som slutta like seint, vart problematisk. Når også ungdomsklubben ikkje starta før i ti-tida på fredagskveldane, gav eg nesten opp å ha ei sosial ungdomstid.

Ida Terese (22) er i skogen med gul lue og ullgenser. Rundt henne ser man trer og bakke dekket av tynn snø.
Foto: Privat

Ja, eg kunne halde ut ein time til, men ingen vil vere den kjipe som går heim etter berre ein time.

No er eg student. Eg er framleis like trøytt om kveldane, men eg kan love deg at ingenting på studentsamfunnet byrjar før tidlegast åtte. Ofte opnar ikkje dørene før klokken ni, og arrangementet starter ein time seinare. For ikkje å snakke om at det er ei sosial norm å komme ein time for seint.

Med andre ord, eg søv igjennom heile den sosiale delen av studietida mi. Ikkje fordi eg vil, men fordi kroppen ikkje har energi til å halde meg vaken til å kome meg ut på kveldstid.

Mange gonger har eg vakna opp til ein Instagram-feed og Snapchat full av bilete frå kvelden før. Eg blir aldri invitert med, for det er ikkje kjekt å henge med ein trøytt venn.

Eg forstår så godt kvifor dei ikkje inviterer, men det er også sårt å ikkje bli invitert. Eg er glad på deira vegne for at dei har hatt ein kjekk kveld, eg skulle berre ønske dei hadde starta eit par timar tidlegare slik at eg kunne vore med.

Eg skulle ønske me hadde eit samfunn der det var meir tilrettelagt for å starte arbeidsdagen til ulike tider, for at B-menneske skal kunne fungere greitt på skule og jobb. Men også å starte utelivet til ulike tider, for at A-menneske i det heile skal få eit uteliv.

Som mine venner seier: Jo tidlegare du begynner å drikke, jo tidlegare kan du slutte å drikke. Og jo betre føler du deg i morgon.

Eg er heilt einig med Synne om ein ting, sjølv om vi legg to heilt ulike ting i det: «Slutt å «shame» oss for å ha en annen døgnrytme enn dere.»

Kommentarer